Vil ha 100.000 kroner til å utvikle Boknatti i Bokbyen

Bokbyen i Fjærland vil gjere Boknatti endå meir spennande med både artistar og forfattarar. Men då treng dei pengar i kassen.

Eivind Ødegård

VIL MEIR: Dagleg leiar i Bokbyen, Eivind Ødegård, er klar for ny sesong.

Foto: Birger Meland / NRK

I fjor vart eldsjelene bak Bokbyen heidra med fylkeskulturprisen. No melder Boknatti seg på i kampen om å bli Årets kulturidé.

Bokbyen i Fjærland starta i 1996. Første boknatti var i 1997.

– Ideen oppstod fordi vi ville gi folk moglegheita til å kjøpe og selje bøker i staden for å berre vere passive kundar. At dei kunne ta med seg sine eigne bøker og selje dei sjølve. Og det er basisen for boknatti den dag i dag. seier Eivind Ødegård, dagleg leiar for den Norske Bokbyen.

Sel ein kilometer bøker

Det er NRK Sogn og Fjordane som saman med Sparebankstiftinga i fylket arrangerer konkurransen med ein premie på 100 000 kroner til den som stikk av med sigeren.

Det er ein formidabel turnover på bøkene i løpet av ein sesong i bokbyen.

– Vi reknar med at ein fjerdepart av alle bøkene forsvinn, og det svarar til ein kilometer med bøker, seier Ødegård.

Og det er ikkje berre lokale folk eller folk frå fylket som vitjar bokbyen og boknatti. Folk kjem langveges ifrå, ofte for å få tak i ei heilt spesiell bok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Meter på meter

METERVIS: I løpet av sesongen sel dei ein kilometer med bøker i Bokbyen i Fjærland.

Foto: Birger Meland / NRK

Skal fylle alle si interesse

– Det er utruleg mykje rart folk er ute etter. Det som du og eg ikkje har interesse for, vil ha interesse for nokon. Det er difor bokbyen finst. Alle si interesse skal vere mogleg å fylle her, seier Ødegård.

– No får de jo statsstøtte. Har de bruk for 100.000 kroner?

– Ja, det har vi. Statsstøtta går til å lage gratis litteratur og kulturarrangement for alle og ein kvar. Det får dei blant anna på boknatti. Då kjem du her, tek med eigne bøker, sel dei så lenge som natta er. I tillegg får du forfattarar og kulturopplevingar i nasjonal klasse, seier Ødegård, som peikar på at slikt kostar.

Gode artistar kostar

– Viss vi får 100.000 kroner så vert det langt lettare for oss å få tak i dei artistane og forfattarane vi vil ha. Då har vi noko å slå i bordet med, for dei kostar sjølvsagt, seier Ødegård.

Han peikar på at dette er noko dei gir gratis til publikum, og som dei ikkje har billettinntekter på.

– Det å kunne få tak i breie og gode artist- og forfattarnamn hadde vore veldig flott. Då hadde 100.000 hjelpt mykje.

Juryen: – Ikkje bli for snevre

Juryen i årets kulturidé er leia av Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga. I tillegg er musikar Laila Beate Førde og leiar for distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim med.

– Eg tenkjer at dette er noko som har eksistert i mange, mange år. Men viss ein vil gjere noko meir, og leggje til rette for at ein kan komme fjordvegen til boknatti, så er det ei fantastisk oppleving. Det hadde vore spennande, seier Steinar Fredheim.

– Men det er også same utfordringa her, at dei må passe seg for å bli for snevre. Dei skal ikkje berre snakke til bokelskarane. Vi må prøve å utfordre dei på å utvide konseptet litt, og vende seg til litt fleire, og bli relevante for andre enn berre bokelskarane, seier Pål Fidjestøl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Musikar Laila Beate Førde, leiar Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga og Steinar Fredheim som leiar for Distriktsenteret i Sogndal. Dei tre har plukka ut ti finalistar som får høve til å vinne 100 000 kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dommar kjøpte dameblad

Ho meiner det er miljømedvite og koseleg.

Fidjestøl har sjølv vore på boknatti, og fortel om ei kjekk oppleving.

– Det er kilometer på kilometer med utruleg sære bøker. Det er litt skattejakt å dra dit. Eg kjøpte faktisk eit dameblad frå 1940-talet. Eg har ikkje lese det, men det er stilig å ha, seier Fidjestøl.

Men han påpeikar at utfordringa er å gjere det til eit breiare arrangement.

– Det som særmerkjer Bokbyen og Boknatti er eldsjelene. Men potensialet er nok å gjere det tilgjengeleg for fleire, seier Fredheim.