Bokmålstvang for legar

Nynorsktalande legar ved sentralsjukehuset i Førde kan bli tvinga til å bruke bokmål.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

For Helse Vest prøver ut eit nytt talegjenkjenningsprogram, som ikkje finst på nynorsk.

No har legane sett i gang ein underskriftskampanje for å sikre seg retten til å bruke sitt eige språk i arbeidet.

– Vi tykkjer det er provoserande at programmet berre føreligg på bokmål, seier overlege Einar Solheim.

Han sit i arbeidsgruppa som vurderer det nye systemet.

– Ikkje realistisk

Det nye systemet inneber at det legane dikterer på diktafon automatisk blir gjort om til skrift i eit program. Slik slepp sekretærar å skrive det ned.

Legane krev at innføringa av systemet skal utsetjast til ein kan diktere både på nynorsk og bokmål.

Hans Johan Breidablikk ved Helse Førde, trur ikkje ei slik løysing er realistisk.

– Det vil ta for lang tid. Det vil isåfall bety at Helse Førde, som kanskje det einaste føretaket, blir hengande etter kvalitetsmessig – og endå lenger etter økonomisk, seier han.

Krev pengar frå staten

Leverandøren av programmet, Max Manus AS, kan produsere det på nynorsk, men det vil altså ta tid – og koste pengar.

Men det meiner Helse Førde staten må dekke.

– Det vil koste ganske mykje. Det er urimeleg at eit lite føretak som Helse Førde må dekke den kostnaden, seier Breidablikk.