Hopp til innhold

Bokmålet taper i distriktsbyar

Bokmålet er i trøbbel i byar i distrikta. Stikk motsett av trenden ellers i landet har folk i byar i Sogn og Fjordane svikta bokmål og gått over til nynorsk.

Florø barneskole

INGEN BOKMÅLSELEVAR: Florø barneskole, der det på 1980-talet var like mange som valde bokmål som nynorsk.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I dag ville Ivar Aasen blitt 200 år, og i sterke nynorskområde veks livsverket hans i popularitet.

– Litt rar utvikling

Ved Florø barneskole har det ikkje vore oppretta nye bokmålsklasser dei siste tre åra, og rektor Øyvind Knapstad må innsjå at det heller ikkje i haust blir nok elevar til ein eigen bokmålsklasse ved skulen. Berre på to årsteg fins det i dag bokmålsklasser.

– Det er ei litt rar utvikling og atypisk i Norge.

På 1980-talet brukte halvparten av dei over 500 elevane bokmål. I år er det så få foreldre som ynskjer bokmål at det ikkje er nok til ein eigen klasse.

– Grunnen kan kanskje vere at det er rekruttert arbeidskraft frå nabokommunane som har nynorsk som målform.

Vanlegvis er utviklinga motsett. I fleire kommunar kring storbyane på Vestlandet, må nynorsken gi tapt for bokmål når byane veks. Urbaniseringa gjer også at ein stadig mindre del av befolkninga brukar nynorsk.

Men der nynorsken står sterkt frå før er det bokmålet som no er under press.

Skram skule i Vågsøy.

FLEST VEL NYNORSK: Skram skole i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik

Nynorskfleirtal i Måløy

Ved Skram skole i kystbyen Måløy brukar til vanleg to tredelar av elevane bokmål, men i år vil flest fyrsteklassingar ha nynorsk, fortel rektor Stephan Lexau.

– For første gong på veldig lenge så har vi fleirtal av foreldre som har valt nynorsk for ungane sine.

Marit Aakre Tennø

GLAD FOR UTVIKLINGA: Leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

– Ivar Aasen ville ha jubla

I dag ville Ivar Aasen blitt 200 år, leiar i Noregs mållag Marit Aakre Tennø trur nynorskens far ville jubla.

– Det trur eg absolutt han hadde gjort. Dette fortel oss at når nynorske blir ein majoritet så veks han.

Også næringslivet i mange nynorskkommunar har kutta ut bokmål. Aakre Tennø meiner det finst lærdom å hente.

- Hadde det vore meir nynorsk andre stader så hadde kanskje ikkje presset på nynorsken vore like stort i dei områda.