NRK Meny
Normal

– Det er skamfullt at folk må leite etter bøker på nynorsk i nynorskland

Meir sentrale innkjøp gjer at det blir færre bøker på nynorsk i bokhandlane, seier forlagssjef Simone Stibbe i Skald forlag.

Turid Øyre Øygard

– SKAMFULLT: Turid Øyre Øygard synest det er synd at folk må leite for å finne bøker med nynorsk tekst i nynorskland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei aller fleste bokhandlane i Norge er i dag med i kjeder, og innkjøp av bøker blir i stadig større grad avgjort av hovudkontora til kjedene, det vil seie i Oslo.

Går du inn i ein bokhandel i nynorskfylket Sogn og Fjordane må du leite for å finne bøker på nynorsk. Turid Øyre Øygard på Norli Handelshuset i Førde har mange år bak seg i bokhandlarbransjen, og ho synest dette er for gale.

– Det er skamfullt. Men for å få endra på det er det fleire som må vere med og dra lasset. Vi prøver så godt vi kan, men eg meiner media må vere med og gjere folk kjende med dei nynorske bøkene.

Simone Stibbe

UROA OVER UTVIKLINGA: Forlagssjef Simone Stibbe i Skald Forlag.

Foto: Skald Forlag

– Kjedekontora bestemmer

I Sogn og Fjordane er det to forlag som i hovudsak gir ut bøker med nynorsk tekst, Selja Forlag i Leikanger og Selja Forlag i Førde. Simone Stibbe er forlagssjef i Skald, og ho er uroa over utviklinga.

– Dei fleste bokhandlane høyrer i dag til ei sentral kjede, og det gjer at kjedekontora bestemmer i stor grad kva som er tilgjengeleg i butikkane. Dei kjøper inn sentralt for alle sine butikkar, og andelen sentralt innkjøpte titlar har auka dei siste åra.

Stibbe seier at nynorskbøker ikkje er like aktuelt over heile landet.

– Dermed meiner eg at eg ser ein tendens til at det blir færre nynorske titlar i bokhandlane. Det er bekymringsverdig.

Ti på topp - berre bokmål

Og på Norli Handelshuset kan Turid Øyre Øygard stadfeste at kjedekontora avgjer det meste når det gjeld inntrykket kundane får når dei kjem inn i butikken.

– Det er mykje som kjem direkte frå kjeda. Det er dei bøkene som er mest omtalte og mest i skotet. Vi har ti på topp i alle sjangrar, og der er det ikkje lokale bøker. Kvar måndag morgon får vi beskjed frå Norli om korleis oppsettet skal endrast.

Norli Handelshuset i Førde

BOKMÅL OVER ALT: Dette er synet som møter kundane på Norli Handelshuset i Førde. Dei lokale bøkene finn ein bak søyla inst i lokalet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Veit ofte ikkje om bøkene

I butikken på Handelshuset er dei lokale bøkene plasserte i to hylleseksjonar inst i lokalet, og for tida er det ikkje særleg rift om dei.

– Det er sesongbetont, vi sel mykje av dei til jul. Unnataket er Opptur-bøkene til Selja, som vi sel heile året.

– Men det finst bøker på nynorsk som ikkje er lokale, kva med dei?

– Blir dei etterspurde tek vi dei inn, men ofte veit vi ikkje om dei. Rett nok er Samlaget ein god samarbeidspartner, og vi får god informasjon derifrå, men bøker på nynorsk frå mindre forlag veit vi kanskje ikkje om i det heile, seier Turid Øyre Øygard, som no forlet bokhandlarbransjen.

Ferskt døme

Simone Stibbe i Skald Forlag forstår at bøker på nynorsk ikkje er særleg etterspurde i fylke som Finnmark, men ho ser tendensar til at det også kan vere vanskeleg å finne bøkene i tradisjonelle nynorskområde.

– Eg har eit ferskt døme: Ein kunde ringde oss etter å ha tråla fleire bokhandlar på Sunnmøre utan å finne ei bok av Rolf Sagen. Eg er redd for at bøker på nynorsk i stadig større grad blir bestillingsvare og netthandelobjekt.

Trine Stensen

– IKKJE GRUNN TIL URO: Adm. dir. Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.

Foto: Pressebilde

– Viktig debatt

Men adm. dir. Trine Stensen i Bokhandlerforeningen meiner det ikkje er så stor grunn til uro.

– I rammeverket som bokhandlarane driv etter er det eit mål at bøker på begge målformer skal vere tilgjengeleg. Og det meiner eg at dei er. Både bokavtalen og litteraturabonnementa som bokhandlarane har sikrar at nynorsk litteratur kjem ut.

Ho meiner det er tilfelle også utanfor dei områda der nynorsk står sterkt.

– Men det er ein viktig debatt som vi heile tida må ha fokus på. Vi har nett lagt fram for kulturministeren og regjeringa ein ny bokavtale som på same måte som før sikrar at bøker på alle målformer skal ut.

Tok opp saka med Widwey

Forlagssjef Simone Stibbe tok opp saka då kulturminister Thorhild Widwey var i Sogn og Fjordane i førre veke.

– Eg håpar at Kulturdepartementet tek med seg i den bokpolitiske debatten rundt bransjeavtalen at nynorske bøker må vere spreidde over heile landet, og at bokhandlarkjedene får beskjed om at dei har eit kulturoppdrag å ta vare på.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.