NRK Meny
Normal

Denne båten er full av bøker - no kan dei bli dine

I februar segla bokbåten Epos sin siste tur i Sogn og Fjordane. No sel fylkesbiblioteket tusenvis av bøker som står att.

Bokbåten Epos

BOKBÅTEN EPOS: Her i land i Feios. I sjølve båten var det plass til 6000 bøker, men hadde også eit stort boklager på land.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg synst jo det er veldig brutalt å kaste bøkene, so om nokon har lyst til å kjøpe dei, er det masse å velje i her, seier spesialbibliotekar ved fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane Ingrid Dræge.

For under eit år sidan tøffa bokbåten Epos sin siste tur i fjordfylket. Det flytande biblioteket hadde ein stor boksamling med over 30.000 bøker. Bøkene står no på lager, og skal vere vekke innan nyttår. Elles vert bøkene kasta.

Sel bøker frå Epos

GJER KLART TIL SAL: Ingrid Dræge finn fram bøker som på laurdag kan verte dine.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Spenningsbøker, kjærleiksromanar, her er heile spekteret. Vi har til og med Evi Bøgenæs. Det er mange tusen bøker her, seier Dræge.

Må avslutte samlinga

Fylkesbiblioteket har etter at bokbåten vart avvikla tilbydd bokbåtbøker til kommunane i fylket, til folkebiblioteka og til alle biblioteka i heile landet.

SIRI INGVALDSEN

STOR SAMLING: Siri Ingvaldsen trur den varierte samlinga gjer det mogeleg for dei fleste å finne noko av interesse.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Men framleis er det bøker att, og på laurdag får vanlege folk høve til å få ein bit av bibliotekbåten med heim. Det skjer i Førdehuset.

– Samlinga har vorte bygd opp gjennom over femti år, med stor vekt på kvalitet og mangfald. Men no må vi tenkje at vi skal avslutte denne samlinga, seier direktør i fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane Siri Ingvaldsen.

Harry Potter rive vekk

Hyllene med ungdomsbøker er framleis ganske fulle, men Harry Potter-bøkene som det tidlegare var mange eksemplar av, er no vekke.

Sel bøker frå Epos

MASSE FINE BØKER: Ho oppmodar folk som vil ha billige bøker til å kome til Førdehuset på laurdag.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Eg synst det er veldig trist, bokbåten fungerte, det var mykje utlån rundt omkring. Når bøkene no forsvinn, og vi kanskje må kaste mykje, vert ein litt vemodig, seier Dræge, som vonar at mange kjem til Førdehuset på laurdag.

Bøkene vert selde posevis for ein billig penge, og Dræge oppmodar folk om å ta med både pose og kontantar.

– Eg vonar at folk vil kome og kjøpe bøker. Dei kan bruke bøkene til kva som helst, til dømes julegåver, seier ho.

For eit gjensyn med EPOS, sjå denne videoen.

Etter 50 år, og uttallelege diskusjonar om nedlegging, la bokbåten Epos i ut på sin siste tur i Sogn og Fjordane i dag. Det blei ein vedmodig dag for mange.