Hopp til innhold

Den unge politikaren har gjort lynkarriere

21 år gamle Erlend Svardal Bøe frå Florø er det nyvalde sentrastyremedlemet i Unge Høgre og fylkesleiar av Tromsø Unge Høgre. Den unge mannen kan skilte med lynkarriere i politikken.

Erlend Bøe, Troms Unge Høyre

LYNKARRIERE: Erlend Svardal Bøe i Unge Høgre.

Foto: Privat

– Det var ein heilt fantastisk følelse å bli valt inn i Unge Høgre sitt sentralstyre, for meg er det ei unik moglegheit til å vidareutvikle meg som politisk aktiv og i tillegg få moglegheiter til å jobbe med politikk ikkje berre på lokalt- og regionaltnivå, men og no på nasjonalt nivå, seier Erlend Svardal Bøe.

Som 14-åring vart han valt til tidenes yngste fylkesleiar i eit politisk parti, men Florøværingen vart ikkje verande i FpU. Høgre fekk taket på den politisk engasjerte ungdomen.

Besteven med regjeringa

Bøe fortel at oppgåvene hans no vil vere å styre organisasjonen, vere ute i fylkes- og lokallaga og vere med på å løfte opp organisasjonen i media og andre plassar, men først og fremst utvikle ny politikk for Unge Høgre.

– Ekstra spennande er jo det at Unge Høgre faktisk er ungdomspartiet til Statsministeren og har over 6000 medlemar. Så det er jo eit stort ansvar, seier han.

– Vi skal jo vere besteven med regjeringa, og det inneber jo at vi skal kome med nye politiske forslag, men vi skal og seie frå som ein besteven gjer når regjeringa ikkje gjer det som Unge Høgre meiner er riktig, fortel Bøe.

No har Bøe akkurat gjort seg ferdig med elitekurset til Høgre, som er det høgste skuleringstilbodet i organisasjonen.

– Det har vore ei lang veke, men og ei veldig lærerik veke. Eg trur eg har sove 12–14 timar førre denne veka. Ein må vere på heile tida, prestere og gje alt du har, fortel han stolt.

Frå FpU til Unge Høgre

Grunnen til at den unge politikaren først var i FpU for så å gå over til Unge Høgre forklarar han slik.

– Eg melde meg inn i FpU og Frp fordi eg hadde ein pappa som var med i det partiet, og då blei det naturleg for meg å bli med der fordi det kjendest trygt.

Men så begynte han å tenkje og reflektere over kvifor han var med og valte til slutt å melde seg ut.

– Eg har lært veldig mykje i Framstegspartiet og FpU, men eg valte å gå over til Høgre og Unge Høgre fordi eg følte det var meir naturleg for meg.

Likar seg i nord

Dei siste tre åra har han vore i Tromsø og har klatra raskt i politikken i nord.

– Faktisk så hadde eg tenke meg til Bergen først for å studere samanliknande politikk. Men eg ville litt vekk frå Bergen fordi det er veldig mange frå Florø som reiser til Bergen for å studere. Då kjem du fort inn i det same nettverket og det same som du har frå før,

Bøe ville eigentleg litt vekk og valte å ta eitt år i Tromsø der han skulle studere statsvitskap for så å sjå an korleis det gjekk i byen i nord.

– Så no sit eg her tre år etterpå og er framleis student og veldig glad for å bu i Tromsø. Eg har ingen planar om å flytte frå, fortel Bøe.

Brennande engasjement

Han er også blitt politisk rådgjevar til skulebyråden i byen og er med på å utvikle politikk i Tromsø kommune som omhandlar utdanning.

Kva er det med politikken som gjer at du brukar så mykje av di tid på dette?

– Eg har vel alltid hatt eit brennande engasjement for det som skjer rundt meg. Anten det er skulepolitikk eller ruspolitikk, så har eg alltid vore engasjert i det. Det er vanskeleg for meg å sitje i ein sofa og ikkje gjere noko, seier han.

Utanom politikken likar Bøe godt å vere med vener på fritida, gå på kino, ta seg ei pils, reise eller lese ei bok.

– Eg har litt fritidsinteresser og er ikkje berre ein kjedeleg politikar som sit og les saksdokument.

Ruspolitikk har vore eit av felta som har engasjert den unge politikaren mest.

– Det gjeld dei som kanskje ikkje skrik høgast, og då treng dei nokon som skrik for dei. Norge er jo ein av dei landa i Europa som har høgast overdosedødsfall per år. Så eg har alltid vore oppteken av å ta fat i den problemstillinga som har vore der, seier han.