NRK Meny
Normal

Bø står over nok eit verdscuprenn

Tarjei Bø frå Stryn står over verdscuprenna i Ruhpolding i Tyskland. Årsaka er ei forkjøling som har sete i kroppen lenger enn venta.

Tarjei Bø på liggande skyting
Foto: Rune Fossum / NRK

– Han ønskjer han meir tid til opptrening for å kunne prestere optimalt, seier landslagslege Ola Berger.

Tarjei Bø stod også over løpa i Oberhof i helga på grunn av sjukdom. Legen seier dei har teke mange testar og prøver av stryningen og at dei har god kontroll.

– Tarjei er i gang med treninga og kunne fungert slik stoda er no. Men han må ha litt fleire dagar på seg for å få forma der den skal vere. Det er årsaka til at vi i samråd med Tarjei og trenarar har bestemt oss for å vente, seier landslagslegen.

Verdscupen i Ruhpolding startar på onsdag og held fram til søndag. Johannes Thingesbø er mellom dei som er tekne ut.

Etter planen skal Tarjei Bø vere med under verdscuprenna i Anterselva i slutten av månaden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser