Hopp til innhold

Bø leiar framleis verdscupen

Tarjei Bø gjekk for siger under verdscuprennet i amerikanske Fort Kent i dag. Men ein sprekk på siste skyting, gav til slutt ein 3.plass.

Video Bø spurtet inn til tredjeplass
Foto: Nyhetsspiller

Skiskyttaren frå Markane har kunne pynte seg med den gule leiartrøya i verdscupen store deler av sesongen.

Etter eit hektisk verdscup-program, hadde 22 åringen denne helga teke turen til amerikanske Fort Kent.

Under rennet på laurdag fekk Bø til slutt ein tredjeplass, og det var dermed ein revansjesugen stryning som jakta på siger under søndagens jaktstart.

Tarjei Bø skaut først ein bom på første liggande, men hadde sjanse til å ta førsteplassen heilt til siste ståande skyting, der han kom inn i lag med tre andre løparar. Der vart det nok ein bom.

SJÅ VIDEO HER:

Video Bø spurtet inn til tredjeplass

Bø gav likevel ikkje opp jakta på franske Martin Fourcade, og i mål var han berre 4,7 bak vinnaren.

Det betyr at stryningen framleis leiar verdscupen.

Mange er imponerte over at den 22 år gamle skyttaren frå Markane, blant dei den tidlegare skiskyttarstjerna, Sven Fischer.

Han roste Bø etter løpet, og meinte det var utruleg at ein så ung skiskyttar leiar verdscupen.