Hopp til innhold

- Eg vil mykje heller ha eitt gull, enn fleire andre medaljar i VM

Tarjei Bø må tåle favorittstempelet i sitt aller første VM. Sjølv håpar han at han skal klare å hente heim to gull.

Tarjei Bø

GÅR FOR GULL: 22-åringen frå Stryn går for gull under VM i skiskyting som startar neste veke.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Neste torsdag brakar det laust med VM i skiskyting i Russland. Tarjei Bø frå Stryn er rekna blant dei aller største gullfavorittane. Sjølv er han spent framfor sitt aller første VM.

- Det er mange som har høge forventningar til meg, men eg har like høge forventningar sjølv, seier Bø til NRK.no.

- Vil heller ha eitt gull, enn to sølv

Laurdag reiser 22-åringen frå Stryn og resten av det norske laget til Kanthy-Maniysk i Russland.

Med seg heim att til Stryn og Norge håpar Bø å ta med seg to gullmedaljar.

- Målet mitt er to gull, eit individuelt og eit med stafettlaget. Eg vil mykje heller ha eit gull, enn fleire andre medaljar, seier Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tarjei Bø

PÅ PALLEN: Det har blitt mange pallplasseringar på Tarjei Bø i verdscupen. Han håpar han skal klatre heilt til topps også under VM.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Mørkbanka opplading

Oppladinga rett før meisterskapen har ikkje blitt heilt som planlagt. For ei veke sidan ramla Bø stygt på isen på veg til trening på Lillehammer. Skiskyttarstjerne vart liggande på isen og frykta ei stund at VM skulle ryke.

Men til tross for at kroppen har vore litt mørbanka siste veka, har Bø trena knallhardt, og føler no at toppforma er i anmarsj.

- Eg kjenner meg ikkje i mitt livs form akkurat no. Men målet mitt er å vere det under VM, og det har eg trua på at eg skal klare, seier Bø.

- Berre kjekt å vere favoritt

Gjennom vinteren har Tarjei Bø henta heim fleire gull i verdscupen. Lenge har han leia verdscupen samanlagt. Favorittstempelet framfor VM er noko Bø likar.

- Eg vil heller vere favoritt enn å ikkje vere det. Det har vore mykje press i vinter, men eg har takla det bra. Så no håpar eg at eg skal takle det under VM også, seier Bø til NRK.

- Er du nervøs framfor VM?

- Ikkje endå, men eg håpar at eg vert det. Det plar vere bra å ha litt spenning i kroppen, og det tippar eg at eg får når konkurransane nærmar seg, seier Bø.

Lovar å ikkje sutre..

Dei som har følgt Bø gjennom vinteren har kanskje lagt til merke at stryningen er ein skikkelig gladgutt. Dersom ting ikkje går vegen under VM, er han klar for det også.

- Eg er god til å takle alle slags situasjonar følar eg, så dersom det går dårleg lovar eg å ikkje sutre, seier Bø lattermild.