Hopp til innhold

Bø droppar verdscupstafett

Tarjei Bø (26) har slite med forkjøling i jula. No vel skiskyttaren frå Stryn å stå over torsdagens verdscupstafett i Oberhof.

Tarjei Bø

STÅR OVER: Tarjei Bø står over stafetten i Oberhof. – EG var forkjølt ganske lenge i jula, men er i trening att no, seier han til Sporten.com.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

Medan resten av skiskyttarlaget reiser til Tyskland på tysdag, ventar stryningen med å reise til torsdag for å få med seg sprinten laurdag og fellesstarten søndag.

Etter Oberhof går verdscupsirkuset vidare til Rupholding, Anterselva.

– Eg har mista ein del trening eg skulle hatt. Å ofre løpet, betyr tre dagar meir med mengdetrening. Tre konkurransehelgar på rad tærer på kroppen, seier Bø til Sporten.com.

Manglar fart i sporet

Etter ein dårleg start i Östersund har verdscupvinnaren frå 2011 levert gode løp, men Bø har førebels til gode å hamne på pallen.

I samandraget er han nest best av dei norske med 239 poeng og åttandeplass.

– Eigentleg har eg gjort mykje rett, og eg har skote bra, men det manglar litt fart i sporet som gjer at eg ikkje hamlar opp med dei beste. Håpet er å finne forma og litt meir trykk i beina no på nyåret, seier han til nettstaden.