Droppar ein tredel av renna før OL i Sotsji

Stryningen Tarjei Bø (25) er klar for mixed-stafetten i Østersund søndag, samt dei neste tre herreøvelsane neste veke. Men han kjem til å kutte drastisk i talet på renn han skal delta i før OL.

f

SATSAR ALT: Tarjei Bø gjer taktiske val for å vere best rusta til OL i Sotsji.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det blir ein del færre konkurransar enn vanleg. Verdscupen blir ikkje viktig i år. Det er OL som tel, og med tanke på det, står eg over ein del renn framover, seier Bø til dagbladet.no.

Han kjem til å gå alt i Hochfilzen i desember, men let vere å stille til start i dei tre løpa som skal gå i Annecy-Le Grand Bornand like før jul.

– Eg droppar det til fordel for å dra på høgdesamling, seier Bø til avisa.

Han kjem også til å droppe renna i Anterselva i januar.

– Det gjer eg for å komme i skikkeleg OL-slag, seier Bø.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tarjei Bø friskmeldte seg selv i dag og trente som normalt på Sjusjøen. Kameraten Emil Hegle Svendsen er glad Bø er tilbake, og tror ikke noe på at stryningen var så veldig syk.
Reporter: Morten Stenberg
Foto/Redigering: Trond Stenersen

Tarjei Bø friskmeldt

Gjer omtrent det same som i suksess-sesongen

Ifølgje Dagbladet står verdscupvinnaren frå 2011 over seks av 19 konkurransar, inkludert stafettar, før OL tek laust i Sotsji 8. februar.

Han trekkjer parallellar mellom førebuingane til årets sesong og den han hadde i 2011, då han vann verdscupen samanlagt, og samtidig gjorde det knakande godt i VM.

– Oppkøyringa minner veldig om før 2011-sesongen. Eg har vore sterk på hardøktene, og har eit bra grunnlag, seier Bø.

Bø stod også over årets første sprint i skiskyting på Sjusøen førre helg, då han var litt småforkjølt, og ikkje ønskte å ta nokon sjansar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tarjei Bø

Foreldra til Tarjei Bø blir sendt til Sotsji for å følge med på sonen sin

Var utslegen av Twar

Stryningen vart utslegen av Twar-sjukdommen frå seinsommaren til november i fjor, og sidan han ikkje fekk trent skikkeleg, vart han tvungen til å stå over alle verdscuprenna før jul.

– Eg var langt nede, og det viktigaste var å ikkje øydeleggje karrieren. Eg tenkte at den twaren ikkje skulle få setje meg på sidelinja i årevis. Det fekk gå om den vinteren rauk, det viktigaste var OL neste sesong, sa Bø til NRK.no for tre veker sidan.

Men no er situasjonen ein heilt annan. Han er eitt av Norges største medaljehåp når OL tek til om to og ein halv månad.