NRK Meny
Normal

Bø-brørne skaut seg vekk

Det gjekk ikkje vegen for dei to skiskyttarbrørne frå Stryn i dag. Med fire bom kvar under jaktstarten i Pokljuka måtte dei sjå langt etter pallplass.

Bø

BESTE AV BRØRNE: Johannes Thingnes Bø fekk best plassering av dei to brørne med ein 8. plass.

Foto: Ericsson, Marcus / NTB scanpix

Johannes Thingnes Bø fekk beste plassering av dei to med ein 8. plass, 1,20 bak vinnaren.

Emil Hegle Svendsen skaut feilfritt og gjekk i mål til ein solid siger, 17 sekund framfor gårsdagens vinnar på sprinten, Anton Sjipulin.

Etter gårsdagens sprint sa Tarjei Bø at han sleit litt i løype, men var fornøgd med skytinga.

Med fire bom i dag vart det ein 17 plass på storebror Bø.

Veslebror Johannes Thingnes Bø opna knallhardt og tok inn 12 sekund på teten allereie den første kilometeren. Første skyting gjekk strålande, men med ein bom på andre skyting, tre på tredje gjekk det ikkje for stryningen i dag.


Vegopning på Bergum i Førde kommune