Hopp til innhold

Ordførar heidra Bø-brørene

STRYN (NRK): For første gong sidan skiskyting-VM er både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø heime i Stryn. Då ordføraren inviterte til kakefest, tok brørne like greitt kakeserveringa i eigne hender.

Bø brødrene

ORDFØRAR INVITERTE TIL KAKEFEST: For å heidre Bø-brørne inviterte ordførar i Stryn, Sven Flo, til kakefest.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi tenkte at vi kunne dele ut litt kake. Når det har kome så mange personar, så er det greitt å kunne gje litt tilbake, seier Tarjei Bø.

Stryningane stilte seg i kakekø for å heidre Bø-brørne, og over 100 personar tok turen for å få med seg kakefesten i kulturhuset i Stryn.

Kaka fekk bein å gå på, for det var to ekte verdsmeistrar som serverte marsipankake med bilete av seg sjølv på.

– Det var ei kjempekake. Ei stor og flott kake med bilete av oss på, så vi får nyte den så lenge vi varar, humrar Johannes Thingnes Bø.

Får nyte sommaren i Stryn

Det var første gongen begge brørne var heime i Stryn samtidig etter skiskyting-VM i januar.

– Stryningane gjer oss mykje glede. Vi diggar at vi er frå Stryn, så det er berre kjekt for oss å kunne dele litt tilbake til folket her. Dei føl med og heier på oss, så det er veldig bra, seier Johannes Thingnes Bø.

Kake

STOD FOR SERVERINGA: Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø delte ut kake til alle som ville ha.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tarjei Thingnes Bø sa seg samd med broren og kunne ikkje skryte nok av både Stryn og av folket.

– Vi kjem jo frå ein heilt utruleg plass og ei fantastisk kommune. Folk er veldig greie og vi blir alltid sett pris på når vi oppnår store ting. Vi er stolte stryningar, fortel Tarjei Bø.

Skiskytarane får tid til å nyte både ekte Vestlandssommar og heimelaga mat framover.

– Vi er heime eit par veker no, så både Johannes og eg trenar ein del i lag. Når vi er heime fôrar mamma oss opp. Ho bakar brød og lagar mykje mat, så vi har det rett og slett heilt perfekt når vi er heime, seier Johannes.

Kake

KUNNE NYTE KAKE: Etter servering av kake tok brørne seg tid til å smake på marsipankaka.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vist fram på storskjerm

På storskjerm var det vist klipp frå under VM. Mange av klippa hadde ikkje Johannes Thingnes Bø sett før.

– Det var stort og brakte fram gode minner.

Bø

GODE AMBASSADØRAR: Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø får overrekt både blomar og ein klem frå styreleiar i Markane idrettslag, Eldbjørg Hatledal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det var mange med ei tåre i augekroken, då den yngste av Bø-brørne sikra seg gullet på heimebane framfor Martin Fourcade og Ole Einar Bjørndalen.

– Noreg og sport generelt betyr mykje for folk. Skiskyting samlar folket. Franskmannen var veldig god, men eg skulle ha det gullet på heimebane. Då blir det jo litt tårer.

Ei av dei frammøtte på kakefesten Eldbjørg Hatledal. Hateldal er styreleiar i Markane idrettslag og hadde med seg både blomar og skryt til begge brørne.

– Dei er gode ambassadørar for Markane idrettslag. Vi set stor pris på jobben som dei legg ned.