Tok storeslem i blome-dekorering

Blomstertorget i Dale stakk av med alle dei gjevaste prisane då blomsterdekoratørar frå heile Sogn og Fjordane var samla til distriktsmeisterskapen i blomedekorering i Måløy.

Sjå fyrstepremien i blome-dekorering. Marianne Sunde vann blome-dekoreringspris i Måløy.

SJÅ VIDEO: Marianne Sunde vann 1. premien med denne dekorasjonen. Foto/ redigering: Heidi Lise Bakke

Heidi Lise Bakke
Fotojournalist
Marianne Sunde

1. PLASS: Marianne Sunde vann distriktsprisen i blomedekorering.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dekoratørar frå Fjaler-verksemda stakk av med både første, andre og tredjeplassen då blomar i alle former og fasongar vart traktert etter beste evne.

To av dekoratørarane besøkte måndag ettermiddag NRK Sogn og Fjordane sitt radiostudio.

Marianne Sunde vart vinnar av konkurransen og Anne Overdevest kom på 2. plass.

– Eg vart veldig overraska, men glad, seier Marianne Sunde som tok førsteplass med dekorasjonen forma som eit egg av påskeliljer og såkalla pusekattar eller gåsungar.

–Du må øve og vere interessert og lage eit bra arbeid. Det seier ho litt beskjedent.

Marianne Sunde viser fram hatten som Anne fekk 2.plassen for.

SJÅ VIDEO: Denne blomsterhatten fekk 2. plass laga av Anne Overdevest. Foto/ redigering: Heidi Lise Bakke

Saman med kollega Anne Overdevest som tok andreplassen i blometevlinga, fyllte Sunde NRK sitt K1-studio med blomar. Heile rommet vart etter kvart dekorert med nyansar av gule påskeblomar.

Anne Overdevest

2. PLASS: Anne Overdevest tok andrepremien.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Anne Overdevest er stolt over eigen innsats, og er nøgd med andreplassen.

– Eg synest det var kjempekjekt. Veldig uventa, men supergøy, seier dekoratøren som til dagleg dekorerer blomar på Dale Sentert.

Etter å ha vunne distriktsmeisterskapen tek damene turen vidare til noregsmeisterskapen i Tromsø i november.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.