Hopp til innhold

Bloggar om sterke meiningar - i helga blei ho kursa

Ingrid Aspeseter Liheim (14) er ein av ti bloggarar som fylkeskommunen vil satse på. I helga sat ho og dei andre på skulebenken.

Ingrid Aspeseter Liheim

BLEI KURSA: Ingrid Aspeseter Liheim frå Sogndal er ein av dei som har fått stipend og gratis kurs av fylkeskommunen.

– Det var spennande, og det gav meg veldig mykje informasjon og kunnskap om korleis eg skal blogge godt. Eg blei kjend med mange nye folk, og eg føler at eg fekk mykje ut av dette kurset, seier Ingrid til NRK.

14-åringen blei plukka ut av Ungdomspolitisk utval til å bli med i prosjektet, og sist helg kunne ho reise til Loen og hente inspirasjon og kunnskap saman med dei andre som skal vere med i prosjektet.

Fekk råd frå proffar

– Eg bloggar om ting som opptek meg og ting som eg synest er urettferdig. Det er mine meiningar rett ut. Eit døme er debatten om homofil vigsel i kyrkja. Det er ei av dei sakene eg har blogga om og har sterke meiningar om, fortel den unge sogndølen.

Katrine Sele på bloggkurs

GODE RÅD: Katrine Sele frå Høgskulen var ein av lærarane på kurset.

Under kurset i Loen fekk deltakarane mellom anna tips og råd frå Katrine Sele, prislønt journalist og no informasjonssjef for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Eg har jo mellom anna lært meir om korleis eg skal kunne formulere ting på ein god måte, og dette med reglar om personvern og det å ikkje henge ut folk, seier Ingrid.

Bloggarar på kurs

GJENGEN SAMLA: Ti bloggarar frå Sogn og Fjordane var i helga samla til kurs i Loen.

Skal blogge på nynorsk

Prosjektleiar Sigrun Espe frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har stor tru på prosjektet, der eitt av måla er å få fleire unge til å skrive nynorsk.

– Det vi synest er viktig er at ungdom skal formidle sine meiningar på sitt språk. Vi synest det er viktig at ungdom får høve til å ytre sine meiningar i kanalar på måtar dei føler seg komfortable med, seier Espe.

Sigrun Espe

GODT NØGD: Sigrun Espe.

Foto: Picasa

Ho er glad for at prosjektet no er i gang, og at dei på denne måten klarer å engasjere unge frå fylket i noko så positivt som skriftleg formidling.

– Vi tykte det var aller viktigast at dei som skulle vere med hadde noko dei har lyst å formidle, og at dei har eit engasjement for formidling og blogging.