NRK Meny
Normal

Blodprøvesaka skal behandlast i Stortinget

Senterpartiet har fremma forslag om at regjeringa må sørge for ei varig løysing for henting og levering av blodprøvar på fredagar.

Laboratorieprøvar frå Posten, Førde sentralsjukehus

KREV LØYSING: Stortinget sin utgreiingsseksjon har gjort stikkprøver på konsekvensar av ordninga. Mellom anna syner det seg at i Skien må pasientar i akutte tilfelle sendast til sjukehus med drosje når blodprøvene kan sendast i posten.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi ber konkret om at regjeringa sikrar ei permanent løysing, slik at alle får likeverdig tilgang til helsehjelp og kan ta blodprøvar fem dagar i veka, seier Kjersti Toppe.

Kjersti Toppe

LØYSING: Kjersti Toppe frå Senterpartiet håpar på politisk fleirtal for forslaget i Stortinget.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Senterpartirepresentanten er første nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, og no håpar ho på politisk fleirtal for å sikre henting og levering av blodprøvar på fredagar. Frå 5. mars vart postdirektivet gjeldande, noko som betydde slutten på postombering på laurdagar. Ein av konsekvensane er at viktig post, som blodprøvar, ikkje kjem fram til sjukehusa før måndag. Helseføretaka i landet stod samla bak krav om å finne ei løysing på situasjonen.

Legekontor og helseføretak råka i heile landet

Når Senterpartiet no kjem med sitt forslag har dei også fått Stortinget sin utgreiingsseksjon til å undersøkje kva som har skjedd i praksis etter at direktivet kom på plass. Dette er nokre av funna:

  • Vik legekontor skriv på sine nettsider: «Vik legekontor ikkje kan ta blodprøvar på fredagar då prøvane vert for gamle før dei kjem fram til sjukehuset. Me beklager dei ulempene dette har for våre pasientar!»
  • Drangedal legekontor: «Ved akutte tilfeller på fredager, der prøvetaking ikke kan vente til mandag, må pasientene sendes med taxi til sykehuset i Skien.»
  • Legeforeininga: Peikar på at utfordringa ikkje berre gjeld fastlegekontor, men også sjukeheimar og avtalespesialistar.
  • Universitetssjukehuset Nord-Norge har fem bodbilruter for innsamling av prøver på fredagar og brukar kring 20 000 kroner i veka på dette.

– Vi meiner det er uhaldbart at dette har fått slike konsekvensar. Det må kome på plass ei nasjonal ordning, for no går det utover pasientane, seier Toppe.

Vurderer situasjonen fortløpande

Helse- og omsorgsdepartementet seier at dei er kjende med at det har dukka opp utfordringar etter innføring, og at dei følgjer situasjonen. Dei har tidlegare garantert for at pasienttryggleiken ikkje skal bli råka av endringane.

barnekreft

FØLGJER MED: – Vi vil be om informasjon frå dei regionale helseføretaka på korleis dei finn løysingar for å sikre pasienttryggleiken, seier Anne Grethe Erlandsen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: nrk

– Det er viktig for oss at dette ikkje går ut over pasientane. Vi har tett dialog med dei regionale helseføretaka for å sikre at desse endringane ikkje gjer at blodprøvar blir forringa eller øydelagde, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen.

Ho seier også at helseføretaka, kommunane, sjukehusa og fastlegane må få på plass lokale løysingar.

I forslaget frå Senterpartiet blir det også understreka at ei ordning må kome på plass som ikkje fører til meirkostnadar og kommunane og helseføretaka. Toppe håpar no på ei snarleg løysing.

– Eg kan ikkje sjå kva politisk parti som kan forsvare at vi skal akseptere at pasientar ikkje får ta blodprøve på fredagar når det har vore tilbod om det i alle år. Vi håpar forslaget kan presse fram ei snarleg løysing.

Saka skal opp til behandling over påske.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.