Hopp til innhold

Blodprøven viste 1,36 i promille – retten frikjende sjåføren

Politiet fann ei rusa, sovande kvinne i bilen. Men dei leita aldri inne i bilen etter tomgodset kvinna påstår ho plasserte under framseta.

Sogn og Fjordane Tingrett meiner det er ei svakheit ved etterforskinga at bilen til den tiltalte kvinna ikkje vart ransaka. Politibetjentane som kom for å arrestere kvinna, då dei fekk tips om promillekøyring, lyste berre med ei lommelykt inn i bilen frå utsida.

– Drakk etter køyreturen

Kvinna meiner nemleg at det omtalte tomgodset beviser at ho drakk alkohol først etter køyreturen.

– Hadde ei slik ransaking blitt gjennomført hadde det vore mogeleg å stadfeste eller avkrefte tiltalte si forklaring om at ho hadde plassert tomgodset under framseta. Kjærasten stadfesta at han fann tomgods under framseta då han henta bilen neste dag, skriv tingretten i si vurdering.

Samstundes konkluderer retten med at det ikkje kan utelukkast at kvinna kan ha drukke så store mengder alkohol i bilen etter køyreturen som ho påstår. Ein rapport frå Folkehelseinstituttet stadfestar også dette.

Køyretur på 350 meter

Ein sein fredagskveld i september i fjor fekk politiet i Sogn og Fjordane ein telefon frå ein kar som tipsa om ei mogeleg promillekøyring. Han hadde tidlegare same kvelden sete saman med sjåføren og kjærasten hennar og drukke alkohol, før kvinna i 40-åra sete seg i bilen og køyrde ei strekning på 350 meter til ein nabotomt.

Politiet rykka ut og tok ein blåseprøve som gav utslag på kring 1,2 promille. Vedkomande vart då teken med til blodprøvetaking. Og blodprøven som vart teken ein halvtime seinare synte 1,36 i promille.

Sjølv hevdar kvinna at køyreturen skjedde tidlegare på kvelden og at ho hadde drukke ei flaske pils kring ei par timar før turen. I løpet av kvelden skal ho også ha «smakt på» eit glas kvitvin kjærasten hadde skjenka seg.

– Vart sjalu, køyrde i raseri

Kvinna nekta straffskuld då saka vare oppe for Sogn og Fjordane Tingrett nyleg. Ho forklarte at ho køyrde frå bustaden til kjærasten fordi ho vart sint og sjalu då ho utpå kvelden oppdaga ei biletmelding på mobiltelefonen til kjærasten. I raseri køyrde ho frå bustaden for å skremme kjærasten. Etter den korte køyreturen parkerte ho bilen, der ho drakk to flasker pils og fleire krus med kvitvin frå ein vindunk. Kvinna forklarte vidare at ho deretter lag seg til å sove etter at ho plasserte tomgodset under framseta

Då politiet kom fram til bilen rundt tre timar etter at kvinna påstår ho køyrde bilen, sjekka dei berre panseret på bilen som var lunkent. Sogn og Fjordane Tingrett meiner det likevel er vanskeleg å fastslå med sikkerheit tidspunktet for køyreturen og om alkoholen kvinna drakk før køyreturen gav ein promille på over 0,2.