Hopp til innhold

Diger blodbøk gjer graver ubrukelege - pårørande er frustrerte

Mange familiar i Sogndal fortvilar over ein diger blodbøk utanfor Stedje kyrkje som skapar vanskar. Dei kraftige røtene gjer mange av gravene ubrukelege, og det tette lauvverket hemmar veksten på gravene.

Jorunn Merete Haukås-Eide

TEK LYS: Kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide fortel at blodbøken tek lys frå plantene, i tillegg til at dei kraftige røtene gjer til at einskilde graver ikkje lenger kan brukast opp att.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er eit ganske stort tre som tek lys frå mange graver etter kvart. Det har ei ganske stor trekrone, seier kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide.

Ho står under ein mørk, raudleg bøk, som i si tid berre skulle vera pynt på ei grav, men som i dag er blitt eit ruvande kjennemerke på gravplassen utanfor Stedje kyrkje i Sogndal.

Vanskeleg å få planter til å veksa

Så diger er blodbøken blitt at familiane som har gravene nært treet, er frustrerte, fortel Haukås-Eide.

– Dei har problem med å få planter til å veksa når dei plantar på gravene sine. Det blir litt lite dagslys som kjem til, og treet tek også mykje av næringa som er i marka. Det har eit ganske stort rotverk etter kvart, som har skapt problem for gravene rundt, seier Haukås-Eide.

Mellom ti og tjue graver er råka av blodbøken som har vakse seg høgare enn kyrkjetaket.

Røtene er blitt så kraftige og dekkjer eit så stort område, at fleire graver ikkje kan brukast opp att.

– Det er ein del graver vi har blitt nøydde til å trekkje ut av bruk og som ikkje kan brukast opp att på grunn av røter, seier Haukås-Eide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Blodbøk ved Stedje kyrkje

STOR: Blodbøken ved Stedje kyrkje har vakse seg høgare enn kyrkja.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Meiner ein kan oppnå det same med skjering

Før 17. mai tok Haukås-Eide affære og kontakta kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune for å få råd om kva dei skulle gjera med blodbøken.

Både Stedje sokneråd og Sogndal kommune ville saga treet ned. Men den løysinga fall ikkje i god jord hjå arkitekturrådgjevar i fylkeskommunen, Arlen Synnøve Bidne.

– Me ser at dei har mange grunnar til at dei ønskjer å kutte ned treet. Men samstundes ser me at ein kan oppnå mykje av det same ved ei kraftig skjering. Me tenkjer at treet har stått der lenge, og det har ein miljøskapande verdi på kyrkjegarden. Me tykkjer det er viktig at det framleis kan få stå der, seier Bidne.

Har tru på ei minneleg løysing

Tilbake på kyrkjegarden på Stedje ryddar Jorunn Merete Haukås-Eide vekk ei grein som har dotte ned på ei av gravene.

– Me prøver å rydda litt etter kvart, slik at det ikkje skal sjå så uryddig ut. Men litt ramlar det jo ned, frå tid til annan, seier Haukås-Eide.

Sjølv om kyrkjeverja i utgangspunktet ville saga ned blodbøken, vil ho følgja rådet frå Fylkeskommunen og arbeider no med å få skore treet på ein trygg måte.

Ei slik løysing trur ho også dei råka familiane kan leva med.

– Eg trur nok det. For dei som er sogndøler, så har dei jo sett på treet i mange år etter kvart. Det betyr vel litt det også. Eg trur nok at berre dei vert høyrde og me gjer noko med saka, så trur eg me skal klara å komme fram til ei minneleg løysing, seier Haukås-Eide.