Hopp til innhold

Kan bli tvungne til å gi betre service

Det norske helsevesenet kjem til å bli tvinga til å gi pasientane betre service. Det seier for leiar for Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta Magne Nylenna.

Magne Nylenna

MÅ SNU: Helsevesenet organiserer altfor mykje basert på eigne premiss. Det meiner leiar for Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, Magne Nylenna.

Foto: Nasjonalt kunnskapssenter/NRK

Norge er i Europatoppen når det gjeld å få folk friske, men hamnar lenger ned på lista når det gjeld å få pasientane til å føle seg vel. Slik kan det ikkje halde fram, seier Magne Nylenna.

– Vi har eit helsevesen som langt på veg er organisert berre på tenesta sine eigne premiss. Den er oppdelt i avdelingar for ulike organ, dei har opningstider som svarar til helsepersonellet sitt preferansar og ønskjer, og lokalisering og alle slike spørsmål.

– Helsetenesta må snu seg rundt

Brukarundersøkingar og klagar til pasient og brukarombod over heile landet viser at mange som er misnøgde med informasjonen dei har fått i møte med helsepersonell.

Daniel Nordstrand

SKUFFA: Daniel Nordstrand er blant dei som kjenner seg dårleg behandla i helsetenesta.

Foto: Kjellrun Lavik/NRK, Colourbox

Andre er fortvila over manglande informasjon eller meiner legane er arrogante. Tidlegare i dag fortalde NRK om Daniel Nordstrand frå Førde, som er ein av mange som føler seg dårleg tatt vare på av helsevesenet. Også kreftråka Lise-May Vikbakk frå Florø har fortald at ho føler kommunikasjonen mellom helsepersonell og ho som pasient har vore så dårleg at ho har kjend seg krenka.

No trur Nylenna at helsetenesta som i andre delar av servicesamfunnet må snu seg rundt og spørje seg kva brukaren ønskjer.

– Korleis ønskjer dei å bli organisert, og kvifor i all verda er det ikkje mogleg å få teke alle prøver samstundes? Kvifor kan vi ikkje kommunisere med helsetenesta på e-post som vi kan gjere med andre serviceinstitusjonar i samfunnet?

Dette er spørsmål han meiner det er viktig at helsetenesta tek opp.

Service som del av utdanninga

Nylenna seier at i artiklar i anerkjende helsemagasin ute i Europa tek fagfolk no til orde for at service skal bli ein større del av helseutdanningane

– Det er interessant å sjå. I mi studietid på doktorskulen så lærte vi veldig lite om service, og eg trur det etter kvart kjem til å bli ein konkurransefaktor i tenesta. Og for den offentlege helsetenesta som kjem til å møte utfordringar både frå utland og innland, så vert servicefaktoren viktig.

Hans Johan Breidablik

VIL BLI BETRE: Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, seier dei truleg vil vinne ved å setje inn meir ressursar på å forbetre pasientservicen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, vedgjekk tidlegare i dag at dei i ein travel kvardag ofte ikkje er gode nok på kommunikasjon med pasientane. Han seier dei truleg vil vinne på å setje inn meir ressursar på dette.

– Det er truleg like viktig å ha god utdanning på dette området som på dei meir tradisjonelle, faglege områda. Det er nok heilt riktig, seier han.

– Det var nyleg ein artikkel som heitte som heitte "Time for the patientrevolution", altså at det er på tide at vi får ein pasientrevolusjon i forhold til helsevesenet, og det ber jo bod om at ting er i endring. Det inneber nok at helsevesenet må orienterast i tiltakande grad ut frå den ståstaden pasienten har, og ikkje den ståstaden vi av og til sjølv har, seier Breidablik som sjølv er innstilt på servicen ovanfor pasientar må bli betre.

Har fokus på kommunikasjon

Instituttleiar for helsefagutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Anne-Grethe Halding seier at dei alt i dag har eit stort fokus kommunikasjon med pasientar.

Blant anna brukar dei pasientar i undervisinga for å få fram kor viktig kommunikasjon er.

– Når det gjeld det med samhandling på individnivå, og kommunikasjon som del av det, har vi det inne både som eit teoretisk tema pluss at vi har kommunikasjonsøvingar. Og i dei utdanningane som har praksis vil studentane også få rettleiing på dette med kommunikasjonsferdigheiter og samhandling med pasientar. Dei må ha eit visst nivå på ferdigheitene her for å bestå ein praksisperiode, seier Halding.

– Sentralt å bli sett og høyrd

Anne-Grethe Halding

FOKUS PÅ KOMMUNIKASJON: Instituttleiar for helsefagutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ho meiner det er heilt sentralt at pasienten skal oppleve å bli sett og høyrd.

– Pasienten har faktisk lovmessig rett til å ha innverknad på dei helsetenestene den faktisk får. Ein skal også kunne samtale med pasienten på ein måte som gjer at pasienten føler seg respektert, og ein må sjekke ut at informasjon som er gitt er blitt forstått.

At så mange kjenner seg dårleg behandla i helsetenesta meiner ho er svært synd, og ho oppmodar fleire til å seie frå om dei føler at dei ikkje vert høyrd.

– Eg synest det er bra at pasientar går til Pasientombodet når dei opplever det slik, for då kan ein få sett skikkeleg på sakene, seier Halding.