Hopp til innhold

Blir trenar - og lovar spelarane hardkøyr

Helge Haugen (32) legg fotballskoa på hylla og blir fysisk trenar i støtteapparatet til Eirik Bakke i Sogndal. Han varslar at spelarane no skal trene meir enn dei siste åra.

Helge Haugen

INN SOM TRENAR: Helge Haugen legg opp og går inn som fysisk trenar i apparatet rundt Eirik Bakke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg vil etablere nokre nye vaner i spelargruppa. Målet er å ha ein godt trent tropp, og ein skadefri tropp, for å få best mogleg sportslege resultat. Eg vil også at kvar einskild spelar skal bli følgt opp på ein god måte individuelt, seier Helge Haugen.

Han har den siste sesongen spelt for Sogndal, men har i løpet av karrieren også fartstid frå Brann, Tromsø og Hønefoss.

No legg midtbanespelaren fotballskoa på hylla for å bli fysisk trenar i Sogndal.

Det vil spelarane få merke.

– Det er viktig å trene meir, samstundes som det viktigaste er at vi trenar riktig. Men det blir litt meir mengde neste år, seier Haugen.

Haugen hadde i utgangspunktet eitt år igjen av kontrakten med Sogndal, men partane er samde om å avslutte denne. No får 32-åringen i staden ansvaret for den fysiske treninga for spelarane i dialog med trenar og medisinsk apparat.

Han er utdanna fysioterapeut og har erfaring frå toppfotballen, der han debuterte for Brann tilbake i 2002. På ein fyldig CV har han mellom anna cup- og seriegull med raudtrøyene frå bergen, i tillegg til ein sølvmedalje og to bronse frå serien.