Det har gått over ti månader sidan den 51 år gamle mannen miste livet i den tragiske ulukka. Han gjekk på rulleski langs riksveg 5 då han vart treft av ein bil og døydde av skadane. No blir det teke ut tiltale i saka, skriv Firdaposten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved Flora politistasjon har vore etterforskingsleiar etter ulukka. Han forklarar til NRK.no at mellom anna bytte av påtalejurist har gjort at det har drege ut i tid, men at etterforskinga var ferdig alt i januar.
Bilføraren, ein mann i 50-åra, blir no tiltalt for brot på vegtrafikklova paragraf 3.
Gjennomførte rekonstruksjon
Då ulukka skjedde var mannen som miste livet på veg mot Florø på rulleski. Bilen som trefte han var på veg i same retning. Politiet hadde i etterkant ein rekonstruksjon av ulukka.
– Sikta kom køyrande frå Førde mot Florø, inn mot bakketoppen på Klavelandet. Der har han møtte fleire bilar ifølgje, mellom anna ein kranbil som hadde ein del lys. Det kan ha gjort køyreforholda vanskelegare for sikta, seier Barsnes til NRK.no.
– Vi har prøvd å finne ut kor synleg den omkomne mannen var overfor sikta. Vi har konkludert med at refleksvesten han hadde på seg var like god som ein heilt ny vest.
– Men det har vore vanskeleg å avklare kor vidt han stod i hockey, staka, slik at overkroppen bevega seg opp og ned, eller om han stod oppreist. Dette er noko som spelar ei viktig rolle i forhold til kor synleg han var for sikta, seier Barsnes.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Stor påkjenning
Barsnes seier det truleg vil vere godt for alle involverte partar at saka no går mot ein slutt.
– Vi forstår at ei slik sak er ei stor påkjenning for alle involverte partar, og vi skulle ønskje vi hadde kunne jobba raskare enn det vi har gjort.
– Eg trur det vil vere godt for alle partar å kome til vegs ende no, seier etterforskingsleiaren til NRK.no.
Det er førebels ikkje bestemt kor tid saka skal gå for retten.