Hopp til innhold

Nest-Sotra-trenar går høgt ut før cupkampen

– Eg blir rett og slett skuffa om vi ikkje slår Sogndal, seier ein skråsikker Nest-Sotra-trenar Steffen Landro.

Steffen Landro

OPTIMIST: Steffen Landro, trenar i Nest-Sotra, er optimist på vegner av hans eige lag sine sjansar for cupavansement på kostnad av Sogndal.

Foto: Erik Bentdal Støverud / Vestnytt

I dag tek 2. divisjonsklubben i mot Sogndal i tredje runde av NM-cupen i fotball.

Laster innhold, vennligst vent..
Cupen 3. runde, direkte fra Ågotnes idrettsanlegg

SJÅ KAMPEN: NRK streamer cupoppgjeret mellom Nest-Sotra og Sogndal. Kampstart klokka 18.

Trenar Steffen Landro blir skuffa om Nest-Sotra ikkje blir å finne i fjerde runde.

– Heime på Ågotnes skal vi vere betre enn motstandarane våre. Meir er det ikkje å seie om den saka, seier han til klubben sine eigne nettsider.

  • Sjå: Alt om Fotball-NM 2016

– Bra dei er offensive

– Det er bra dei er offensive, men eg blir skuffa om ikkje vi sigrar, humrar Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Men det er ikkje noko kamp de tek lett på?

– Eg trur ikkje vi tek lett på nokon kampar. Då blir det tap.

Ole Amund Sveen, Bjørn Inge Utvik, Jukka Raitala og langtidsskadde Victor Grodås vil ikkje figurere mot Sotra i dag.

Otoo tilbake

Dermed blir det gjensyn med Ruben Holsæter, Simen Brekkhus, Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo.

– Vi har litt småskadar som vi ikkje tek sjansen med og har eit tøft kampprogram med mykje reisebelastning. Men vi har ein sterk tropp og stiller eit sterkt lag uansett, seier Bakke.

– Kor viktig er det å ha med seg den gode kampen mot Rosenborg inn mot kampen?

– Gode prestasjonar bør gi god sjølvtillit, men så er det ein ny kamp no. Det er Nest-Sotra og ikkje Rosenborg. Så får eg håpe at vi kan vise at det vi som er tippeligalag og at dei er der dei er.

To ute allereie

Sogndal - Rosenborg

SJØLVTILLIT: Babacar Sarr, Hannu Patronen og resten av Sogndal reiser til Sotra med ein god dose sjølvtillit etter 1–1 heime mot Rosenborg.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Sogndal har slått ut Valdres og Førde til no i cupen. Fjorårets divisjonskollega frå Sotra har på si side sendt Vestsiden-Askøy og Fana på hovudet ut av cupen. Og har altså store ambisjonar om å smelle ei ny cupbombe i kveld.

Frå før har Førde og Brattvåg stogga eliteserielaga Brann og Aalesunds FK si ferd mot Ullevaal. Bakke har ingen ambisjonar om å bli neste lag ut av cupen.

– Ni av ti gonger skal vi vinne, men den eine gangen veit du aldri kva som skjer. I fjor vann vi 2–1 her, så vi veit det er ei tøff bane å komme til, seier han.

Sogndal opp, Nest-Sotra ned

Sogndal og Nest-Sotra var begge i 1. divisjon i fjor, men medan Sogndal rykte opp, gjekk laget frå Sotra motsett veg. I serien i fjor vann Sogndal 2–1 i bortekampen og 3–0 i heimekampen.

Troppen: Mathias Dyngeland, Mahatma Otoo, Stefan Hagerup, Hannu Patronen, Kristian Fardal Opseth, Ruben Holsæter, Magnus Pedersen, Christophe Psyché, Fredrik Flo, Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Gilbert Koomson, Simen Brekkhus, Rune Bolseth, Martin Ramsland, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus.