Hopp til innhold

Her skal det arrangerast skirenn om knappe tre veker

Utan snø i løypene må Markane IL trå til med uvanlege metodar for å kome i mål til Hovudlandsrennet som går av stabelen om knappe tre veker.

Snøfattig på Ullsheim

1000 SKILØPARAR KJEM: Om knappe tre veker kjem dei beste 15- og 16-åringane i landet for å gå på ski i det som no er snøfattige løyper på Ullsheim i Stryn.

Foto: Webkamera / Markane IL

Med berre knappe tre veker igjen til kring 900 langrennsløparar skal ut i løypene på Ullsheim, har arrangøren ei stor utfordring: Det er nesten ikkje snø i området.

– Vi brukar nærare 100 000 kroner på å hente snø. Vi har ikkje budsjettert for det, men samstundes så slepp vi utgifter til snøbrøyting, seier ein optimistisk og lattermild Inge Fænn.

Han står i spissen for komiteen som skal arrangere Hovudlandsrenn for 15-16-åringar i langrenn, hopp og kombinert.

Traktorane går i skytteltrafikk med snølass

Kong Harald og Inge Fænn på Vangen

IKKJE FØRSTE GONG: Også under NM i 1996 let snøen vente på seg på Ullsheim, men renn vart det og det blir det i år også, forsikrar Inge Fænn (t. h). Han var rennleiar den gong også, og fekk besøk av Kong Harald under hoppkonkurransen på Vangen.

Foto: NRK

– Vi har skubba saman og køyrt ned snø frå Holssætra, som ligg på 500–600 meter. Vi har køyrt ned med traktor og hengar. Så no er løypene klare, og til veka er det meldt om kaldare vêr, så då håpar vi å få starta snøkanonane også, seier Fænn.

Til no er det køyrt nærare 3500 kubikk med snø til løypene, og traktorane med hengar går kvar dag med fulle snølass for å dekke løypene på Ullsheim.

– Dersom kaldvêret ikkje kjem, så må vi køyre meir. Då kan det vere vi må hente snø frå Strynefjellet opp mot Grotli. Vi skal klare det, for renn skal det bli, understrekar Fænn.

Avlysing får store ringverknadar – kjem ikkje på tale

Testen på om snøen held seg og om løypene fungerer som dei skal, får dei allereie til helga. Då går Tverrfjelldilten av stabelen, eit kvalifiseringsrenn til Birken. Og for arrangørane er det uansett ikkje noko alternativ å avlyse hovudlandsrennet.

Det er venta kring 900 utøvarar berre i langrenn. I tillegg er det venta kring 100 hopparar til arrangementet.

– Det kjem 1000 utøvarar på 15–16 år. Dei har med seg trenarar og foreldre. Alle overnattingsplassane i Stryn, Hornindal og Eid er bestilt, og det er også bestilt overnattingar i Ørsta og Volda. Vi som lag kunne avlyst, men for overnattingsverksemdene vil det få så store konsekvensar at det er heilt uaktuelt, seier komiteleiaren.

Andre gong han leier eit stort renn med løyper utan snø

Fænn er ein erfaren arrangør, og har, tru det eller ei, vore ute for akkurat det same tidlegare.

Så at dei har mykje jobb framfor seg før skiløparane kan kappast i løypene deira, skremmer han ikkje.

– I 1996 var det akkurat det same. Då køyrde vi dungar med snø frå Hornindal. Det plaskregna kvelden før, men på sjølve dagen var det kulegrader, sol og eit kjempeflott arrangement. Sånn er det, Vestlandet er Vestlandet, og renn blir det, garanterer Fænn.