NRK Meny
Normal

Blir rydda etter ras

Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord blir opna i løpet av onsdag føremiddag, etter at nok eit ras stengde pendlarvegen tysdag kveld.

Ras vik arnafjord

RAS: Mykje stein og jord har rasa ned i vegen, og stengjer fylkesveg 92.

Foto: May-Britt Starheim

– Entreprenøren skal rydde vegen for rasmassar og reparere vegdekke.
Så snart det er gjort vil vegen bli opna opplyser Johan Njåstad i Statens vegvesen.

Ein geolog har onsdag morgon vore over rasstaden i helikopter, og vurdert faren for nye ras som liten.

Raset tysdag kveld gjekk ved Eitreneset. May-Britt Starheim var ein av dei første som kom til staden.

Ho fortalde at det var kring 50 meter mellom første og siste stein i vegen.

– No har vi stått her og venta i kring ein time, og no er vi vel åtte bilar her, seier ho like over klokka 20.00.

Kring ein time seinare melder politiet at vegen ikkje blir opna før onsdag føremiddag. Då skal geolog undersøke fjellsida frå helikopter.

Entreprenøren var då komen på staden for å undersøke, men vegen var framleis stengd. Det har rasa ned både stein, tre og jord. Dei største steinane skal, ifølgje Vegtrafikksentralen, vere mellom 60 og 70 centimeter i diameter.

Ras fylkesveg 92 vik arnafjord

STENGD: Geolog skal sjekke fjellsida onsdag føremiddag.

Foto: May-Britt Starheim

– Det er ikkje første gong, dette har skjedd mange gonger før. Men som regel kan vi lirke oss forbi, men no er det heilt stengd. Vi er spente på om vi kjem oss heim, seier ho.

Då NRK snakkar med ho Starheim igjen i 21-tida fortel ho at bilane vart parkert på ei utkøyrsle lenger bak, og at alle vart henta på andre sida av raset. Då var framleis Statens vegvesen sin utsende på staden.

– Men vi lurer på korleis vi skal kome oss på jobb i morgon. I tillegg har vi ei som mest truleg skal ha munnleg eksamen i morgon, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune