Hopp til innhold

Kvartfinalen blir ein reprise av finalen dei tre siste åra

Herrelaget til Førde volleyballklubb møter Nyborg i kvartfinalen i NM. Dermed er det duka for eit tett og spanande oppgjer i Bergen i midten av november.

Førde i cupfinalen mot Nyborg.

MØTEST TIL DYST IGJEN: Førde møter Nyborg i kvartfinalen i Noregsmeisterskapen. Dei to laga har møttest i finalen dei tre siste åra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er den tøffaste trekninga vi kunne få. Det blir knalltøft å slå dei på bortebane i Bergen. Vi har møtt dei i finalen dei tre siste åra, så sånn sett er det like greitt å møte dei no, for vi må uansett slå dei for å gå til topps, seier dagleg leiar i Førde volleyballklubb, Tor Kristian Kvammen.

I dei tre siste finalane er det Nyborg som har trekt det lengste strået dei to siste gongane, medan Førde kunne titulere seg som Noregsmeistrar i 2011.

Kvatfinalekampen skal spelast 16. eller 17. november. Fram til då har herrelaget frå Førde ein hektisk periode føre seg.

– Vi har møtt dei mange gonger, og det blir alltid tøffe og tette kampar. Så vi kryssar fingrane for at det går bra.

Godt nøgd med tøft kampprogram

Komande helg spelar dei i Nordisk Liga, laurdag mot Falkenberg frå Sverige og søndag mot danske Holte. Onsdag 6. november, ventar russiske Fakel Novy Urengoy i Europa-cupen. Kvammen trur det tette og utfordrande kampprogrammet er bra.

– Det er kanonbra med tøff motstand før kvartfinalen. Alt ligg godt til rette for ei god oppkøyring. Gjer vi det bra kan november bli ein veldig god månad, går det dårleg, så blir den tilsvarande dårleg.

Målsettinga for laget er å vinne NM og nå finalen i Nordisk liga. Kvammen er meir usikker på korleis det vil gå i Europacupen.

– Det russiske laget er omtrent den tøffaste motstanden vi kunne få, så der vil eg seie at det er ein bonus om vi kjem vidare.

Også Førde volleyballklubb sitt damelag skal ut i kvartfinalekamp same helga. Dei møter OSI på heimebane.