Hopp til innhold

Blir partiets einaste komitéleiar

Erling Sande skal leie energi- og miljøkomiteen på Stortinget - og vert Senterpartiets einaste i ei slik rolle dei neste fire åra.

Erling Sande

KOMITELEIAR: Erling Sande tek over energi- og miljøkomiteen på Stortinget etter Gunnar Kvassheim.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Senterpartiets Erling Sande blir Senterpartiets einaste komitéleiar på Stortinget den kommande perioden.

- Dette er eit spennande verv, og ein utfordrande posisjon, seier Sande til NRK.

Tek over etter Kvassheim

Sande skal leie energi- og miljøkomiteen, som i førre periode vart leia av Gunnar Kvassheim frå Venstre. Sande har sjølv vore medlem av energi- og miljøkomiteen dei siste fire åra, og er fast møtande vararepresentant for samferdsleminister Liv Signe Navarsete på Stortinget.

- Det viktige er å vere ein inkluderande komitéleiar, som lagar eit konstruktivt samarbeidsmiljø, seier Sande om jobben som ligg framfor han dei neste fire åra.

Kan markere tydelegare politikk

- Kan du som leiar påverke meir i ulike saker?

- Ein har formelt sett ei dobbeltstemme, om det skulle knipe - men den blir ikkje brukt veldig ofte, seier Sande.

Han legg til:

- Ein kan nok markere Senterpartiet meir tydeleg enn dersom ein berre er vanleg medlem av komiteen. Men hovudansvaret er å leie komiteen sitt arbeid. Ein skal ikkje utnytte ein slik posisjon negativt.

- Viktig for Sogn og Fjordane

Fylkesleiar Knut M. Olsen i Senterpartiet, Knut M. Olsen, meiner at Sandes posisjon på Stortinget speglar partiets tyngde i Sogn og Fjordane.

- Dette kan bety mykje for fylket vårt. Mellom anna er klimatrugselen noko av det mest alvorlege vi står ovanfor, og sånn sett er det eit kjempeområde som Sande no skal leie. Område som fornybar energi kan bety mange arbeidsplassar for Sogn og Fjordane. I tillegg sorterer utmarks- og naturproblematikken innunder denne komiteen - så det er mange område her som betyr mykje for mange i fylket vårt, seier Olsen.