Blir nekta å seie opp prestar
Bjørgvin bispedømme får ikkje lov av Kulturdepartementet til å seie opp prestar, skriv avisa Vårt Land. I går sa biskop Halvor Nordhaug at dei ser seg nøydde til å seie opp prestar fordi dei ligg an til eit underskot på 7,5 millionar kroner i år. Men i eit møte med departementet i dag vart det klart at det ikkje blir aktuelt. No arbeider dei med å finna andre løysingar på underskotet.