Blir nedringt av folk som skal ha tak i Sykehuset Innlandet

Etter at Sykehuset Innlandet fekk nytt sentralbordnummer har det nesten ringt i eitt på Bent Festøy sin mobiltelefon.

Bent Festøy får telefonar frå folk som skal til Sykehuset Innlandet fleire gongar for dag.

LEI: Bent Festøy brukar mykje tid på svare på feil-oppringingar.

Foto: Øystein Torheim

– Om lag ti stykke ringer feil kvar dag. Det kan vere tidleg på morgonen eller seint på kvelden, det er plagsamt, seier Bent Festøy.

Dette har vorte eit stort problem for Festøy. Kvar dag får han telefonar frå folk som eigentleg skal ringe til Sykehuset Innlandet. Grunna ein tastefeil med ein null, treffer dei i staden på Bent Festøy frå Nordfjoreid.

– Ofte er det eldre menneske som ringer feil. Nokon har også lagra nummeret på telefonen sin og ringer tilbake fleire gongar, seier han.

Sykehuset Innlandet har 915 06 200 og Bent Festøy har 915 62 000. Mange plasserer nullen feil og endar opp på Nordfjordeid.

Har endra nummer

Sykehuset Innlandet hadde før 06200 til sin hovudsentral. I vår endra dei nummeret til 915 06 200. Grunnen er at det kunne føre til større kostnadar ved å ringe det korte nummeret hos enkelte operatørar.

– For å unngå at nokon skal betale ekstra for å få kontakt med sjukehuset, har vi valt å endre dette nummeret, seier kommunikasjonsrådgivar ved Sykehuset Innland, Line Fuglehaug.

Nummeret dei har endra til er ikkje eit nytt nummer. Det har vore tilgjengeleg for dei som vil til dømes ringe frå utlandet. Etter dei endra til det åttesifra nummeret er det mange som har tasta feil, og i staden kome til Bent Festøy.

Festøy seier det foreløpig ikkje er aktuelt for han å byte nummer. Han er dagleg leiar i Moderne Varme, eit firma med åtte tilsette. Nummeret hans er det som blir brukt til marknadsføring. Det vil føre til store kostnadar om han skal byte nummer.

Bent Festøy er frustrert

– IKKJE BERRE Å BYTE: Med eit mobilnummer som er knytt opp til marknadsføring av bedrifta han jobbar i, er det ikkje kostnadsfritt å skulle byte nummer for Bent Festøy. Han meiner helseføretaket i så fall må kjøpe ut nummeret.

Foto: Øystein Torheim

Beklagar ulempa, men vil ikkje gjere noko med det

– Sjølvsagt uheldig når nokon slår feil nummer og kjem til nokon andre enn dei hadde tenkt. Det er dessverre slik at alle telefonnummer er laga frå nummerseriar, og det er alltid mogleg å taste eit nummer feil, seier Fuglehaug.

Sykehuset Innlandet, avd. Elverum.

BEKLAGAR, MEN ... Sykehuset Innlandet har eit stort omland som helseføretak for Oppland og Hedmark, og dermed også stor pågang på telefon. Dei ser ikkje føre seg å byte sentralbordnummer éin gong til.

Foto: Linda Vespestad

Dei syns det er leitt at Festøy får så mange telefonar frå folk som skal ringe til dei. Men seier at dei har oppgitt riktig nummer på alle deira kommunikasjonsflater. Dei har ikkje tenkt å endre på sitt nummer.

Det meiner Bent Festøy er leitt, han hadde håpt at Sykehuset Innlandet ville gjere noko med problemet.

– Eg hadde håpt dei kunne kjøpe ut nummeret, det får store konsekvensar for oss om vi må betale dette sjølve.

Fram til no har Festøy svart høfleg på alle telefonar og forklart at dei har ringt feil. Han seier han vurderer å la vere å svare. Det kan skape trøbbel for både han og sjukehuset.