NRK Meny
Normal

Blir natteisolert mellom to stengde tunnelar

I tre veker frå måndag vil turiststaden Østerbø Fjellstove bli isolerte på nattetid. Årsaka er at tunnelane på begge sider av fjellstova blir stengde.

Østerbø fjellstove

UROA: Dagleg leiar ved Østerbø Fjellstove, Nina Steenstrup Sønsteng, seier dei har rundt 100 gjestar kvar dag no i høgsesongen.

Foto: Privat

Samstundes som Statens vegvesen held fram med dei omfattande tryggingstiltaka i Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50 i Hol kommune, vert også Hagatunnelen i Aurland kommune stengd i tre veker på nattetid grunna asfaltering.

Det har ført til at dei tilsette ved Østerbø Fjellstove i Aurland kjenner seg utrygge og frustrerte.

– Eg blir for det første veldig utrygg. Eg kjenner meg innesperra og eg blir litt uroa for om noko skal skje, om nokon blir sjuke eller noko slikt. I tillegg er det vanskeleg å få fortalt alle gjestane våre at det er stengt, og dermed vil dei ikkje ha moglegheit til å komme til oss, seier dagleg leiar Nina Steenstrup Sønsteng.

Fryktar fleire kanselleringar

I utgangspunktet skulle begge tunnelane halde stengt mellom klokka 20.00 på kvelden og klokka 08.00 på morgonen. Etter at Sønsteng tok kontakt med kommunen, som igjen kontakta Statens vegvesen, blir Hagatunnelen opna for gjennomkøyring klokka 07.00 om morgonen og klokka 22.00 og 23.00 på kvelden.

Likevel er ikkje Sønsteng heilt nøgd. Ho fortel at dei allereie har fått kansellering grunna stenging av Geiteryggtunnelen og ho trur det vil komme fleire når Hagafjelltunnelen stengjer.

– Dei fleste reiser gjerne etter arbeidstid. Mange kjem sjølvsagt før klokka 20.00, men mange kjem også seint. Kjem du frå Oslo skal det mykje til at du vil ta den ekstra omvegen over Hemsedal og ned til Aurland og så opp igjen til oss, for då må du rekke klokka 22 eventuelt. Og når ein må reise så mange timar utan og ikkje vere sikker på om du kjem gjennom, då trur eg det er mange som vel andre alternativ, seier Sønsteng.

Ho seier ho har forståing for asfalteringsarbeidet i Hagatunnelen, men meiner ein burde unngått å stengje to tunnelar samstundes. I tillegg meiner ho informasjonsformidlinga har vore dårleg.

– Kommunen reagerte raskt

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier det sjølvsagt er ønskjeleg å ha vegen open, men at arbeidet i tunnelane er eit positivt tiltak. Han forstår også ønsket om betre informasjon, men meiner han kommunen reagerte raskt då dei vart kontakta av Østerbø Fjellstove.

– Ein vertskommune må jo passe på, men eg meiner vi reagerte raskt då vi vart gjort merksame på det som ikkje var tilfredsstillande, og vi fekk også ei positiv tilbakemelding og ei konstruktiv løysing frå Statens vegvesen si side, seier Distad.

– Best å stengje samstundes

– Det er litt uheldig at det skjer på same tid, men på den andre sida meinte vi det var fornuftig å ha stenginga samstundes som Geiteryggtunnelen. Geiteryggtunnelen opna to veker i sommar og då meinte vi det var litt feil av oss å stengje denne strekka igjen, seier prosjektleiar Arne Magnar Hauglund.

Hauglund i Statens vegvesen seier dei sjølvsagt vil opne tunnelen for naudetatane ved akutte behov. I tillegg meiner han dei har gjeve den informasjonen dei er pliktige å gi.

– Vi har publisert det på nettsida vår og kommunen har fått beskjed. Det har også stått i avisa, seier Hauglund.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast