NRK Meny
Normal

Blir med Sogndal vidare trass nedrykket – men ønskjer seg til tysk storklubb

SOGNDAL (NRK.no): Bjørn Inge Utvik og dei andre Sogndal-spelarane gjennomførte tysdag årets første treningsøkt under det nye trenarteamet med Eirik Bakke og Ian McParland.

Bjørn Inge Utvik på trening med Sogndal

OFFENSIV: Bjørn Inge Utvik (t.h) og dei andre Sogndal-spelarane var tydeleg tende på å vise seg fram for det nye trenarteamet med Ian McParland (t.v.) og Eirik Bakke på årets første økt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var nye øvingar og ny inspirasjon for heile gruppa, så dette trur eg kan slå positivt ut. Ian er veldig engasjert på trening, så det gir positiv energi til oss også, seier Bjørn Inge Utvik rett etter at årets første treningsøkt er unnagjort.

Økta vart leia av assistenttrenar Ian McParland, som med skotsk entusiasme la stor vekt på raske pasningar og ballkontroll i høgt tempo – akkurat slik han saman med Eirik Bakke har varsla at Sogndal skal stå fram denne sesongen:

Aggressive i det defensive, raske og spelande i det offensive.

Og spelarane responderte. Økta var prega av høg intensitet og tidvis tøffe duellar. Bjørn Inge Utvik var mellom dei som fekk seg ein trøkk.

– Det må smelle litt på første trening. Alle vil jo vise seg fram for dei nye trenarane. Du må gjere deg fortent til plassen på laget i oppkøyringa, og då kan du like godt starte med ein gong, seier han.

Ian McParland på trening med Sogndal

ENTUSIASME: Fleire av spelarane meinte entusiasmen frå assistenttrenar Ian McParland smitta over på gruppa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ser Sogndal som det beste alternativet

Midtstopparen frå Avaldsnes har eitt år igjen av kontrakten med Sogndal, og er truleg ein av dei mest interessante spelarane på marknaden for andre klubbar. Utvik var blant spelarane som fekk godkjent i karakterboka trass nedrykket med sogningane sist sesong.

Og: Trass sin unge alder har han spelt seg inn på U21-landslaget.

– Om det dukkar opp noko ekstremt interessant, så får vi sjå. Men for meg er det viktig at eg får spele. Og førebels er Sogndal det absolutt beste alternativet, seier 18-åringen.

Han forklarer:

– Eg trur ikkje det er mange klubbar som kan slå det dei tilbyr meg her. Det er ei veldig god gruppe, eg trivast og eg får ha ei stor rolle i laget. Her får eg utvikle meg slik eg ønskjer.

Hannu Patronen, Taijo Teniste, Eirik Bakke og Rune Bolseth

SPENTE: Hannu Patronen (f.v.), Taijo Teniste, Eirik Bakke og Rune Bolseth følgjer nøye med medan Ian McParland instruerer under treninga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har drøymt om tysk fotball sidan han var ung

Førebels har han ikkje høyrt noko konkret frå andre klubbar. Han ser difor for seg å halde fram med Sogndal i førstedivisjon denne sesongen.

No håpar han å gå i fotspora til andre unge midtstopparar i Sogndal. Han har store namn som Even Hovland, Gustav Valsvik og Børre Steenslid i bakhovudet. Dei var alle unge spelarar som fekk stor tillit og utvikla seg til stopparar på høgt nivå via spel i Sogndal.

– Det var det eg tenkte då eg skreiv under. Eg såg at dei har fått fram bra stopparar før. Så dette er eit bra springbrett, der eg får utvikle meg i fred og ro. Så vil eg ut ein eller annan gong, men vi får sjå kva tid det blir, seier han.

– Hovudmålet er å komme meg inn i ein toppklubb i Tyskland. Det har vore draumen sidan eg var ung. Og Håvard Nordtveit viser jo at det går an – så kvifor skal ikkje det gå an for meg? Eg skal jobbe steinhardt og håpe det går.

Første trening med Sogndal sesongen 2015. Økta leia av dei nye trenarane Ian McParland og Eirik Bakke.

FØRSTE TRENING: Sjå klipp frå den første treninga leia av Ian McParland i Sogndal.

Har tru på ein god sesong med nytt regime

Rune Bolseth var mellom spelarane som syntest den første økta under duoen Bakke-McParland var svært god.

– McParland leia treninga veldig bra og med mykje entusiasme. Eg likar ideane og måten han tenkjer fotball på, seier veteranen.

Han meiner Sogndal skal vere med og kjempe om opprykk denne sesongen. Bolseth har trua på at laget skal klare det – iallfall om dei held fram slik dei starta på den første økta.

Det trur også Ulrik Flo.

– Vi merka heilt klart at det er eit nytt trenarregime no. Vi vart utfordra på nye område. Ian er typisk skotsk, og det tende automatisk eit par ekstra pluggar hos oss. Dessutan er Eirik også komme godt i gang. Dette verkar veldig lovande. seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.