- Utifrå dei opplysningane vi har tilgang til no, har vi ikkje funne grunn til å gjere om vedtaket, seier leiar for Utlendingsnemnda, Unni Mette Vårdal.
Håpet brast
- At mora og faren er under medisinsk behandling er altså ikkje avgjerande?
- Slik situasjonen er i dag, har dei stukke av frå adressa som er kjent for politiet. Er det naudsynt med legetilsyn, så er det eit spørsmål som dei må ta opp med politiet, i den grad dei fryktar å verte pågripne, seier Vårdal.
Onsdag ettermiddag fekk familien Hatefmoktari eit nytt håp om å få bli i landet. Utlendingsnemnda bestemte seg då for å sjå på saka ein gong til. Men håpet brast tysdag føremiddag. Nemnda har ikkje funne nye moment som endrar deira syn i spørsmålet om opphaldsløyve.
- Ulukka betyr ingenting
Sakshandsamar Unni Mette Vårdal meiner heller ikkje at arbeidsulukka faren var utsett for, der han mista fem fingrar, gjer det uforsvarleg å sende dei tilbake til Iran.
- Vi synest det sjølvsagt er leit, men samstundes har vi vurdert saka på nytt og meiner det ikkje er grunnlag for å endre avgjerda vår. Det inneber i utgangspunktet at dei skal forlate Norge. Difor kan vi heller ikkje utsetje utvisingsvedtaket fordi dei treng legebehandling, forklarar Vårdal.
Knut Mannsåker. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.
Håpar på tingretten
Advokaten til familien Hatefmoktari, Knut Mannsåker, beklagar avslaget som Utlendingsnemnda kom med torsdag. Men han peikar på at saka er sendt over til Oslo Tingrett, og han har ikkje mista trua på at dei kan gjere vedtaket til nemnda ugyldig.
- Viss vi samanliknar med ei sak om kjønnsbasert forfølging som vart behandla i Oslo Tingrett i vår, så hadde også den vore behandla i nemnda fleire gonger og fått avslag. Men det var ikkje tingretten samd i, sjølv om saka no er anka til lagmannsretten, seier Mannsåker.
Politiet si utlendingseining har i dag på ny fått ordre om at familien skal setjast på flyet til Teheran. Men familien er gått i skjul og vil bli der fram til Oslo tingrett har vurdert saka.
Uroa for erstatninga
I mellomtida er Mannsåker uroa for at faren i familien ikkje skal få forsikringspengar frå arbeidsulukka han var utsett for i november. Der mista han fem fingrar og innan 12. februar må han gje forsikringsselskapet ein rapport om det som har skjedd. Beløpet han har krav på kan dreie seg om fleire hundretusen kroner. Dette burde han få ordna opp i før han blir sendt tilbake til Iran, meiner advokaten.
- Det vil verte ei umogeleg oppgåve å løyse dette om han vert sende tilbake, meiner Mannsåker.
- Kan løysast frå Iran
Nemndleiar Unni Mette Vårdal er ikkje samd med motparten. Ho ser ingen grunn til at faren i familien ikkje kan ha ein dialog med forsikringsslekapet sjølv om han er i Iran.
- Nemnda har ikkje fått opplysningar om eller dokumentert skaden han har vore utsett for. Vi veit veldig lite detaljar, så det er vanskeleg for oss å uttale oss om kor sterkt han står i erstatningsspørsmålet. Men i utgangspunktet kan denne saka ivaretakast når han er i heimlandet. Viss han har ein advokat i Norge er ikkje det noko problem, meiner Vårdal.