Hopp til innhold

Blir ikkje opna før tidlegast fredag

Vegfarande i Sogn kan bu seg på stengde vegar ut dagen. Vegane som no er stengde grunna skredfare blir tidlegast opna fredag.

Vikafjellet stengt torsdag 20. mars 2014

BLIR IKKJE OPNA TORSDAG: Det er venta store mengder nedbør og Vegvesenet vil difor ikkje opne dei stengde vegane i Sogn før tidlegast i morgon.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Fleire vegar er stengde grunna skred og skredfare. Slik blir det til tidlegast fredag morgon.

– Det kjem ein del nedbør utover kvelden, og den vil komme som regn heilt opp til 1.000 meter. Då blir snøen tung og våt, og kan komme ned som skred. Då vel vi heller å halde vegane stengde, enn at nokon skal bli tekne av skred, seier Johann Njaastad, byggjeleiar driftskontrakt Midtre Sogn i Statens vegvesen.

Ny rute for ferja

I Luster har det kome ned fleire ras på vegen til Veitastrond, medan rasfare stengjer fylkesveg 55 mellom Balestrand og Dragsvik. Her går ferjesambandet Dragsvik–Hella–Vangsnes til Balestrand i staden for Dragsvik.

I tillegg er fleire vegar i fylket stengde grunna skredfare.

– Det har gått ras på Ulvastad–Menes, Vikafjellet, Veitastrondsvegen og eit mindre ras i Esebotnen som ikkje har nådd vegen. Der er det stengt grunna skredfare, og det same gjeld Arnafjord–Vik, seier Njaastad.

Det har også gått ras mellom Framfjord og Indrefjord i Vik.

Nye vurderingar fredag

I Veitastrond betyr det at luftputebåten blir teken i bruk for første gang i vinter. Vegen til bygda er svært utsett for snøskred. Ingen personar skal ha vore i nærleiken å bli treft av skreda som stengjer vegen.

– Det er vel ikkje heilt uventa at det har gått skred slik vêret har vore. Det kom vel 70–80 centimeter snø, før slo om til sludd og regn, seier John Molland.

– Det er aldri krise i Veitastrond om vegen er stengd. Vi driv no og skal gjere klar luftputebåten, seier Molland.

Njaastad seier vegane i Sogn blir stengde ut dagen.

– Det blir gjort nye vurderingar fredag morgon når det er blitt lys. Då ser vi kva som har kome ned i løpet av natta og korleis vêrutsiktene er, seier han.