Hopp til innhold

Blir ikkje kvitt stinkande avfall

Snart to år etter Vest Tank-ulukka, ligg det framleis illeluktande avfall på industritomta i Gulen.

Ryddinga i Sløvåg er i gong

Arkivfoto frå ryddearbeidet etter eksplosjonen ved tidlegare Vest Tank i Sløvåg.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dagleg leiar Håkon Ivarson ved Alexela Sløvåg, skuldar media for at det har teke lengre tid enn planlagt å få godkjenning for eksport av avfallet til Danmark.

- Eg meiner faktisk at det er media som har skapt denne meirforseinkinga, seier han.

Oppdraget utsett

Alexela Sløvåg har avtale med eit mottak i Danmark, men dei mange mediaoppslaga i Noreg fekk den danske kommunen til å ta ekstra prøvar. Dermed vart oppdraget utsett. Avfallet er oljehaldig vatn og vatn som er sugd opp av grunnen etter brannen.

- Hadde vi fått sendt avfallet utan den forstyrrande innblandinga, og dei ekstra analysane på grunn av påstandar om at det var gift som kom, så hadde vi sluppe det, seier Ivarson.

Misnøgd SFT

For å garantere avfallsfjerning varsla Statens Foruresingstilsyn (SFT) tvangsmulkt på ein halv million kroner dersom ikkje Alexela Sløvåg fjerna avfallet til 31. mars. Seksjonssjef Harald Sørby er ikkje nøgd.

- Vi hadde sett at dette avfallet var fjerna for lenge sidan. Vi meiner framleis at avvfallet må fjernast så raskt som mogleg, seier han.

Alexela Sløvåg har klaga på tidsfristen dei har fått frå SFT. Utfallet av klagen vil avgjere om verksemda må betale tvangsmulkt.