Hopp til innhold

Blir ikkje heilt stengd likevel

Det blir likevel ikkje nødvendig med stenging av E16 Gudvangatunnelen. Kolonnekøyring for tunge køyretøy vil dermed gå til oppgitte tider resten av veka.

Gudvangatunnelen

KOLONNE: Statens vegvesen slepp likevel å stenge Gudvangatunnelen heilt medan oppryddingsarbeidet går føre seg.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Slik som det ser ut no så ser det ut til at vi klarar å gjennomføre kolonnekøyring gjennom tunnelen slik som vi har hatt til no, seier Svenn Egil Finden, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Det har gått to veker sidan den dramatiske bussbrannen i Gudvangatunnelen . I førre veke byrja tungtrafikk utan passasjerar å sleppe igjennom den 11,4 kilometer lange tunnelen.

Ordinær trafikk

I førre veke vart det varsla at tunnelen måtte stengast heilt i to døgn på grunn av oppryddingsarbeid, men dette viser seg å ikkje vere nødvendig.

Vi forventar at tunnelen vil kunne opne for ordinær trafikk rett over helga , men trafikantane må rekne med at det kan blir periodar med kolonnekøyring for alle køyretøy, seier Finden.

Raskare enn frykta

Då tunnelen vart stengd etter brannen rekna ein med at det kunne ta seks veker å utbetre skadane, basert på erfaringane frå den førre tunnelbrannen for to år sidan.

– Skadane på tunnelen var nok store også denne gongen, men for to år sidan vart det gjort ein del oppgraderingar, blant anna når det gjeld det elektriske, som gjer at det er enklare å reparere skadane denne gongen.

Kva arbeid er det no som står igjen?

– Det er litt elektroarbeid, men elles så vass- og frostsikring som kjem til å ta nokre dagar også er det asfaltering og oppmerking.