Hopp til innhold

Ho nektar Solund å bli ein del av Sogn og Fjordane politidistrikt

Solund kommune får ikkje bli ein del av Sogn og Fjordane politidistrikt, slik dei ville. – Det finst ingen gode grunnar for å flytte dei til Sogn og Fjordane, meiner politidirektør Ingelin Killengreen.

Ingelin Killengreen

Politidirektør Ingelin Killengreen

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Gunn Åmdal Mongstad

Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad

Foto: Solund Kommune

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Solund kommune har i ei høyringsuttale framsatt eit ønskje om at lensmannskontoret skulle overførast frå Hordaland til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Men det skjer altså ikkje. For politidirektør Ingelin Killengreen skriv no i eit brev at Politidirektoratet ikkje kan sjå tungtvegande argument for å overføre polititjenesta til Sogn og Fjordane politidistrikt.

I dag er både Gulen og Solund, sjølv om dei høyrer til Sogn og Fjordane, ein del av Hordaland politidistrikt.

– Vi har eit dårleg tilbod

Ordføraren i Solund hevdar at innbyggjarane i kommunen har eit dårlegare polititilbod enn andre.

– Våre innbyggjarar har krav på dei same tenestene som resten av landet. Ho meiner at synlegheita av nærpolitiet er altfor dårleg med dagens ordning, meiner Åmdal Mongstad.

No er det berre ein kontordag i veka på lensmannskontoret i kommunen, medan det tidlegare var 2,5 stillingar ved lensmannskontoret. I dag er Solund lensmannskontor ein del av Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt.

Politidirektoratet meiner det ikkje er rom for endringane som ordføraren i Solund etterlyser. Mellom anna fordi:

  • Kriminaliteten i Solund er på eit stabilt og meget lågt nivå
  • Behovet for opningstid blir dekt ved ein kontordag i veka
  • Vakt- og beredskapsbehov blir dekt tilfedsstillande av politimannskap frå Gulen, Masfjorden og Solund lensmannskontor.
  • Utrykkingstida blir ikkje redusert ved overføring til Sogn og Fjordane politidistrikt.
  • Solund kommune sine innbyggjarar blir tekne vare på, på lik linje med innbyggjarane i ei rekkje andre tilsvarande kommunaer.

Vil ha det som i dag

Politimeister Ragnar Auglend i Hordaland politidistrikt meiner at innbyggjarane i Solund har betre politidekning og service no enn tidlegare.

– Men dersom det er politisk ønske og vilje til å overføre Solund kommune til Sogn og Fjordane politidistrikt har eg likevel ingen prinsipielle eller reelle innvendingar mot det, meiner Auglend.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Brekke

Johan Brekke, politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt

Foto: Vidar Gudvangen/NRK

Politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane politidistrikt meiner Solund bør vere i det politidistriktet dei er i dag.

– Solund har ei naturleg geografisk tilknytning til Bergen og vil få eit bedre tilbod fordi dei ressursmessig vil vere i stand til å dekkje polititenesta i Solund, meiner Brekke.

Fylkeskommunen støttar ordføraren

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar ordføraren i Solund, medan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner det kan vere hensiktsmessig å flytte til Sogn og Fjordane polidistrikt.