Hopp til innhold

Blir fotgjengar etter råkøyring

Ein sunnfjording i slutten av 20-åra må bu seg på å vere ei god stund utan førarkort, etter at han i mars vart stoppa i høg fart på E39 i Hordaland. Ifølgje politiet heldt mannen 128 km/t i ei 70-sone. Mannen sjølv meiner han ikkje kan ha køyrt fortare enn 115 km/t. Fjordane tingrett har gitt politiet lov til å mellombels ta beslag i førarkortet til mannen. Dette kan dei gjere fram til saka er endeleg avgjort, men ikkje lenger enn i åtte månader.