Blir første sykkelby på Vestlandet

Fylkeskommunen signerer måndag ein avtale med Førde kommune og Statens vegvesen om Sykkelbyen Førde.

Jan Erik Bruland, Olve Grotle og Ingvar Byrkjeland

SYKKELFRELSTE: Jan Erik Bruland, Olve Grotle og Ingvar Byrkjeland likar seg på sykkel. Både Bruland og Byrkjeland syklar kvar dag til jobben, medan Førde-ordføraren brukar sykkelen til trening.

Foto: Gro Ravnestad (MMS-foto)

– Dette skal gjere det enklare og betre for dei syklande i Førde. No går vi i gang med ein større plan med betre sykkelvegar både i sentrum og utanfor. Det er spennande at vi er peikte ut til dette, seier ordførar Olve Grotle i Førde.

NRK.no møtte måndag morgon ordføraren saman med to andre ivrige syklistar i Førde. Både Jan Erik Bruland og Ingvar Byrkjeland syklar kvar til jobben.

– Det går stort sett bra å sykle i Førde, der eg syklar er det iallfall gode gangvegar. Men inne i sentrum er det nok ting som kan betrast – det er tungvint å komme fram utan å bryte trafikkreglar, og det oppstår konfliktar mellom fotgjengarar, bilistar og syklistar, seier Bruland.

Signerer avtalen måndag

Når kommunen måndag signerer avtalen med fylkeskommunen og Vegvesenet, blir Førde den første sykkelbyen på Vestlandet.

Målet er å gjere det trygt og attraktivt å sykle i Førde.

Leiar for hovudutvalet for samferdsle, Arnstein Menes, signerer avtalen saman med ordførar Olve Grotle i Førde og regionvegsjef Helge Eidsnes i vegvesenet.

– Ei av dei store samferdsleutfordringane for fylket vårt er at både gåande, syklande, vanlege bilistar og tungtrafikken må nytte same vegen. Det å få delt dei ulike gruppene på fleire vegar vil gjere mykje med trafikktrygginga, seier Menes.

Skal få fleire til å sykle

Avtalen slår fast felles mål og forventingar i det vidare arbeidet med å få etablert Førde som sykkelby. Avtalen definerer også oppgåver og tidsrammer, og sikrar at alle partane deltek med ressursar og kompetanse.

Hovudmålet til sykkelbyprosjektet er å få fleire til å nytte sykkel i staden for bil.

Samstundes må tryggleiken til syklistane betrast slik at ikkje talet på sykkelulukker går opp. Ein sykkelby skal ha eit samanhengande hovudnett for sykkeltrafikken.

– Førde er først ute her i fylket, og det er naturleg. Vi håpar dette skal gje oss gode erfaringar som og kan inspirere andre stader i fylket til å inngå liknande avtalar, seier Menes.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.