Hopp til innhold

Blir einaste kommunen med ølpol

Førde blir einaste kommune i landet med ølmonopol frå 1. desember. Då legg Hareid kommune på Sunnmøre ned sitt kommunale ølutsal.

Førde ølutsal

SNART ÅLEINE: Frå desember er det berre Førde som berre har ølmonopol.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Trass i at det er einaste ølmonopol, er det ikkje alle som er negative til utsalet. For kvart år kjem det inn 800 000 kroner frå ølpolet som går til ulike tiltak i kommunen.

Einaste av 430 kommunar

Men talet på kommunale ølutsal har gått kraftig ned siste åra. I løpet av ti år var det om lag 100 kommunar som la ned sine utsal, og opna for sal i butikkar. I fjor la sunnmørskommunen Ulstein ned sitt kommunale ølutsal, og i desember i år blir det kroken på døra også for utsalet i nabokommunen Hareid.

Med det blir Førde einaste kommune av 430 som har kommunalt utsal.

– Pirrande og spennande

Nils Gjerland

SP-ORDFØRAREN: Spådommen til Nils Gjerland er at ølpolet forsvinn.

Foto: NRK

Førdeordførar Nils Gjerland tykkjer det er litt spesielt.

– Det er nesten litt pirrande og spennande, seier han.

Senterparti-ordføraren seier det ikkje har vore eit tema siste tida å leggje ned utsalet, men han seier det kan blusse opp att.

– Dette har vore eit tema mange år bakover og blir det sikkert også neste gong det er val.

Trur ølpolet forsvinn

For ølutsalet har løyve til å selje fram til våren 2012, dermed blir det bystyret si samansetjing etter neste års val som avgjer framtida til butikken.

– Hadde du spurt meg for mange år sidan, så hadde eg trudd at ølpolet kom til å forsvinne. Det er mest sannsynleg at fleire får salsøvye, det er min spådom for framtida.

– Det er frykteleg

Frank Willy Djuvik

FRP-POLITKAREN:Frank Willy Djuvik meiner det er konkurransevridande at Førde framleis har kommunalt ølutsal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Leiar for Framstegspartiet si bygruppe, Frank Willy Djuvik, meiner at det ikkje er store alkoholpolitiske grunnar for å oppretthalde eit ølpol.

Han oppmoda i 2008 om boikott av ølutsalet då bystyret vedtok å vidareføre ordninga, og håper no det blir opna for ølsal i butikkar så fort som råd.

– Det er frykteleg at Førde skal vere ein kommune der næringsdrivande skal forskjellsbehandlast. Det er ikkje langt til nabokommunane, og vi veit at mange køyrer dit for å handle. Dermed er det konkurransevridande for butikkane i Førde.

Skal sleppe å sjå ølflasker

Men ordførar Gjerland meiner dei sosiale problema som kjem med alkoholbruk er god nok grunn til å drive ølutsalet.

– Vi har hatt fokus på dei som har hatt problem med alkoholen. Dei skal sleppe å møte ølflasker når dei er i butikkane. Kan vi hjelpe ein person eller to med å styre unna problemet, så er det verdt det.

Trur det blir ei viktig sak

No trur begge to at dette kan vere med som ei viktig sak i valkampen, og kanskje til og med avgjerande, seier Djuvik.

– I ein politisk situasjon der vi driv godt og vi er einige om dei fleste politiske saker, så kan dette vere ei politisk sak som kan utgjere ein forskjell.