Hopp til innhold

Blir dumpa av Rema – må permittere

Den vesle fabrikken som produserer Olden sitt flaskevatn i Stryn går for halv maskin om dagen. Hansa Borg gir Rema1000 skulda, etter at matvaregiganten kasta vatnet frå Jostedalsbreen Nasjonalpark på dør.

Olden vatn i butikk

RETT UT: Det blir ikkje lenger Olden-produkt i hyllene på Rema1000 sine butikkar frå slutten av februar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dei tilsette er sjølvsagt triste. Vi har ein liten fabrikk i Oldedalen, med åtte lojale og flinke tilsette. No går dei 50 prosent heime og håpar på betre tider, seier kommunikasjonsansvarleg Anette Karlsen i Hansa Borg Bryggerier.

Rema1000 sin nye bestevennstrategi har utvilsamt også gitt dei uvenner. I sosiale medium har matvaregiganten fått hard medfart.

Då det i går vart klart at den tradisjonsrike produsenten Lerum får sitt syltetøy kasta ut av Rema sine butikkar, bad statsminister Erna Solberg forbrukarane om å bruke makta si.

Har blitt skvisa ut litt etter litt

Anette Karlsen, Hansa Borg Bryggerier

UTE: Anette Karlsen i Hansa Borg seier dei allereie i fjor merka det då Rema1000 kutta ut enkelte Olden-produkt frå sitt sortiment. Før denne utfasinga var Rema1000 sin marknadsandel på 25 prosent.

I fjor vart det tappa 8 millionar liter kjeldevatn på flaske på fabrikken i Oldedalen. Olden sitt flaskevatn blir selt over heile landet, og før Rema1000 i fjor byrja å kutte i sitt sortiment, vart 25 prosent av alle Olden-produkt selt gjennom Reitan sitt system.

Frå slutten av februar blir det ikkje ei einaste Oldenflaske å sjå i Rema-butikkane.

Med tre butikkjeder å selje produkta gjennom, legg Karlsen ikkje skjul på at det får konsekvensar når dei blir kasta ut av den eine.

– 25 prosent er trass alt ein fjerdedel av alt vi sel av Olden, og det er ganske mykje.

– Betyr mykje for distriktet

Forbrukarar i Førde let seg provosere av at Rema kastar ut to sterke lokale merkevarer, Lerum sitt syltetøy og Olden sitt flaskevatn.

– Dette er dårleg distriktspolitikk, seier Per Morten Frivik som ber Rema tenkje seg om før dei droppar produsentar som skapar arbeidsplassar i utkantane.

– Lokalt er det viktig for meg å ha lokale aktørar, men det er også viktig at Distrikts-Noreg blir representert i dei store kjedene, seier Tone Gjelsvik Sellevoll.

Tone Gjelsvik Sellevoll

PROVOSERT: Tone Gjelsvik Sellevoll i Førde tykkjer det er trist at lokale produsentar som Olden og Lerum blir kasta ut av Rema-butikkane.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ikkje oppmode til boikott

Karlsen understrekar at dei ønskjer eit godt samarbeid med Rema1000 også vidare, men:

– Eg oppmodar forbrukarane til å velje butikkar som har dei produkta dei ønskjer seg. Eit godt utval, basert på etterspurnad frå forbrukarane, er alle tente med.

Vil ikkje ta skulda for permitteringar

Mette Fossum Beyer

USAMDE OM TAL: Mette Fossum i Rema1000 meiner Hansa Borg Bryggerier opererer med feil tal når dei hevdar at Rema står for 25 prosent av omsetnaden til Olden sine produkt.

Foto: Pål Laukli

Mette Fossum, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Rema1000, forstår at deira val vekkjer reaksjonar lokalt.

Ho er samtidig krystallklar på at permitteringane i Stryn umogleg kan skuldast at Olden blir fjerna frå Rema-hyllene.

Fossum seier deira tal viser at omsetnaden av Olden-produkt gjennom Rema1000 no er nede på 15 prosent.

– Eg kan vanskeleg sjå at ein omsetnad på 15 prosent kjem til å velte heile Olden. Omsetnaden i våre butikkar har gått nedover, fordi kundane har valt vekk Olden. Eg forstår dei tilsette sin frustrasjon, men eg forstår ikkje at vi får skulda for dette.