Hopp til innhold

Blir dette den nye trenden på fjellet?

Lårkorte kjolar og høge hælar er eit sjeldan syn på fjelltoppar halvannen kilometer over havet.

Ny fjelltrend

ALTERNATIVT FJELLANTREKK: Ingeborg Sol Fure, Heidi Ulvestad og Elisabeth Hatlenes på toppen av Kattenakken i Stryn.

Foto: Privat

Men det er antrekket til Ingeborg Sol Fure og venninnene hennar Heidi Ulvestad og Elisabeth Hatlenes

– Ideen til biletet kom frå ein parodi som den åtte år gamle dotter mi gjorde av meg, ler Sol Fure.

Ho og venninnene likar å finne på litt sprell når dei er på fjelltur. Den åtte år gamle dottera er ikkje alltid like begeistra når mor vil ha ho med på tur.

– Ein morgon hadde ho tatt på seg kleda mine og høghæla sko. Ho kjefta oss ut og gav klar beskjed om at her skulle vi værsågod vere med på tur. Høghæla sko eller ikkje, her var det berre å gje gass, seier Sol Fure.

Ingeborg Sol Fure, Heidi Ulvestad og Elisabeth Hatlenes

UT PÅ TUR, ALDRI SUR: Turen opp og ned frå den 1450 meter høge fjelltoppen gjekk i meir fornuftig turantrekk.

Foto: Privat

Sporty venninner

Parodien enda altså ein ordentleg fjelltur til Kattenakken i Stryn.

Då Ingeborg Sol Fure lufta ideen for venninnene var dei ikkje vanskeleg å be.

Kva med fjelltur på sundag? Ta med kjole og høge hælar!

Ingeborg Sol Fure

– Svaret kom på sms: kva farge på kjolen? Ideen var så god at den måtte vi berre gjennomføre. Eg trur ikkje det er så mange med høge hælar og lårkorte kjolar i 1450 meters høgde, seier Sol Fure.

– Men de gjekk vel ikkje heilt til topps i høg hælar?

– Nei, vi hadde det med i sekken og skifta på toppen. Skifta, tok biletet, skifta igjen og gjekk ned igjen.

No går biletet av dei tre venninnene som ein farsott på sosiale medium.

– Eg er nøgd med biletet sjølv, men vi gjorde det berre for moro skuld. Det er sjølvsagt kjekt at folk likar det seier Sol Fure.