Sundag vann jentene frå Stryn 3–2 heime over opprykksklare Loddefjord.
– Vi spelte ein utruleg god kamp i dag. Vi gjorde mykje rett og stod på for kvarandre gjennom heile kampen, seier kaptein Astrid Solheim Bjørke.
– Dette var ein ekstremt viktig kamp, og no har vi eit godt utgangspunkt framfor kampen mot Lura om ei veke. For eit opprykk er denne sigeren svært viktig, seier trenar Johann Throstur Sigurdsson.
Neste kamp vert avgjerande
Sigurdsson vil likevel ikkje ta eit eventuelt opprykk på forskot, men mykje skal gå gale for strynejentene om det ikkje skal bli 2. divisjonsspel neste sesong.
– Så enkelt er det kanskje ikkje. Det er Lura vi kjempar mot og går vi på ein kjempesmell og taper med fire mål så rykker Lura opp på målforskjell. Så vi må ha eit godt resultat neste helg for å vere sikre, seier Sigurdsson.
Kan få to 2. divisjon
Men går alt som det skal for strynejentene også neste helg så kan fylket få to lag i den nest øvste divisjonen neste år, etter at Kaupanger rykte ned frå 1. divisjon.
– Det vert utruleg spanande. Då kjem det til å blitt litt rivalisering om kven som er best i Sogn og Fjordane. Det er i alle fall ein kamp vi vil ta, ler Bjørke.
Uansett så meiner ho det vil vere bra for interessa for damefotballen i fylket at vi har to lag i den nest øvste divisjonen.
– Det trur eg vil vere bra, at fleire får prøve seg på å spele på eit så høgt nivå, seier Bjørke.