Hopp til innhold

Blinkskot på hjorten - med kamera

– Ei fantastisk oppleving, seier Jan Endre Nesdal frå Stryn etter å ha hatt nærkontakt med ein hjortebukk i brunst.

Hjortebukk

MORSKA SEG: Hjortebukken heldt seg nær Nesdal i fleire minutt.

Foto: Jan Endre Nesdal

Han hadde kamera med seg i tillegg til geværet, og to av blinkskota har han sendt inn til haustfotokonkurransen til NRK Sogn og Fjordane.

Sjå dei andre bileta i haustfotokonkurransen i feltet til høgre.

Han var på hjortejakt i Nesdal i Lodalen laurdag 13. oktober, og då fekk han lokka til seg ein brunstig bukk heilt oppe ved skoggrensa.

– Ferdig med å skyte slike dyr

Jan Endre Nesdal vurderte aldri å bruke geværet på bukken, det hadde han ståande ved beina sine medan han i staden heldt kameraet klart.

– Eg er ferdig med å skyte slike dyr, det er ei mykje større oppleving å få sjå og høyre dei på nært hald. Jakt er ikkje berre å skyte dyr.

Og hjorten oppdaga ikkje den tobeinte med gevær og kamera før han var på nært hald.

– Han var skikkeleg morsk då han kom mot meg. Han bråstoppa på to meters avstand, først då fekk han auge på meg, og då spratt han fem meter tilbake og vart ståande og sjå på meg.

Deretter gjekk hjortebukken fram og tilbake på 15-20 meters avstand medan han brølte.

– Det heldt han på med i fleire minutt før han forsvant brølande innover i skogen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hjortebukk i brunst 1

BRUNSTBRØL: Hjortebukken gav tydeleg beskjed.

Foto: Jan Endre Nesdal

– Største eg har opplevd som jeger

– Andre ville kanskje ha teke beina fatt når ein slik morsk kar kjem så nær?

– Eg visste at han ville stoppe når han fekk auge på meg.

Det høyrer med til historia at det ikkje vart noko hjortekjøt på Jan Endre Nesdal denne flotte oktoberlaurdagen. Han gjorde i staden hjortebukken ei teneste.

– Då eg sat på post litt seinare kom det ei kolle som eg geleida i retning av bukken.

At det ikkje vart noko bør på turen heimatt tek han ikkje tungt. I staden bar han med seg ei stor oppleving

– Dette er det største eg har opplevd som jeger.

Jan Endre Nesdal har sendt to av fotoa han tok inn til haustfotokonkurransen vår. Det kan du og gjere dersom du har teke fine bilete i haust. Fristen er 15. november, og du sender dei til sffoto@nrk.no