Hopp til innhold

Bli med til lokalmedisinsk senter

Helse Førde har mål om lokalmedisinske senter i Eid og Lærdal frå 2020. Men veit alle kva dette eigentleg er snakk om?

Svein Olav Aasli

Svein Olav Aasli får dialysebehandling i Valdres og slepp å reise to og ein halv time tre gonger i veka.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Valdres distriktsmedisinske senter

Dette kan senteret tilby av spesialisthelsetenester.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

På Fagernes har folk hatt distriktsmedisinsk senter sidan 2004. Her gjev helsepersonellet eit breitt spekter av helsetenester.

Og sjølv om det heiter Valdres distriktsmedisinske senter, er lokal- og distriktsmedisinske senter akkurat det same. I framtida skal det heita lokalmedisinske senter har Stortinget bestemt, også på Fagernes.

– Eit breitt tilbod i same hus

Leiar for senteret, Per Einar Jahr, forklarer at dei har ei rekkje spesialisthelsetenester.

– Vi har 11-12 poliklinikkar med spesialistar som kjem frå sjukehusa i Oppland. Vi har eit breitt tilbod og kanskje breiare enn ved mange mindre lokalsjukehus.

Det vil seia at ein til tre gonger i månaden kjem legar frå sjukehusa på Gjøvik og Lillehammer,10 og 12 mil unna. Dette er spesialistar på alt frå nervesystem, hjarte til ortopedi og revmatikk.

Slepp lang reisetid

Dei har også fem dialysestolar, der folk med nyresjukdommar får reinska blodet sitt. Ein av dei er Svein Olav Aasli.

– Eg sparer to og ein halv time køyretid i forhold til å reise til Lillehammer. Eg er her tre gonger i veka og sparer dermed mange timar i bil. Difor er eg godt nøgd med tilbodet her.

Fjernhjelp

Dialyseavdelinga er styrt av sjukepleiarar. Ein av dei, Linda Holten Riste, fortel at teknologien hjelper dei om det trengst.

– Vi har eit kamera som filmar oss og utstyret vårt, slik at dei ved sjukehuset på Lillehammer ser oss. Vi kan zoome inn på det dei vil sjå nærare på og vi får hjelp på den måten.

Har mål om slike senter i 2020

Valdres distriktsmedisinske senter
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Lokalmedisinske senter er det Helse Førde anbefalar i staden for lokalsjukehus i Sogn og Nordfjord. Inntil vidare er likevel lokalsjukehus med sengepostar drive av spesialisthelsetenesta og eit visst akuttilbod sikra. Det vart klart etter helseministeren sitt besøk førre veke, men framleis er målet til Helse Førde lokalmedisinske senter frå 2020.

Eigen røntgenavdeling

Den tredje og siste avdelinga er røntgen, såkalla radiografi. Her tek radiograf Edgar Jensen røntgenbilete og sender det til sjukehuset på Gjøvik.

– Bileta blir overført elektronisk til Gjøvik og til ein radiolog som ser på bileta. Svaret blir deretter sendt tilbake til legane hos oss.

– Kjapt ekspederte

Valdres distriktsmedisinske senter
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

I det same bygg er også dei kommunale fastlegane i Nord-Aurdal. Denne samlokaliseringa gjer at pasientane til radiograf Edgar Jensen vert kjapt ekspederte.

– Eg hadde ei dame som kom inn med eit handleddsbrot. Ho var først til lege, så kom ho til røntgen og så gipsing. Ho sa at det aldri hadde skjedd i Oslo, for her tok det berre om lag ein time frå ho kom inn til ho var ferdig.

Til saman tek Jensen røntgenbilete av om lag 3 000 pasientar i året. På dialysen tek dei unna 700 pasientar, og spesialisthelsetenesta 800.

Ønskjer seg sengepost

Befolkningsgrunnlaget til Valdres distriktsmedisinske senter er 16 000 menneske, drygt halvparten av Lærdal og Nordfjord sjukehus. Senterleiar Per Einar Jahr fortel at dei jobbar dei med å få på plass sengepostar på Fagernes.

– Då vil vi ha moglegheita til å behandle ein del pasientar som ikkje krev høgspesialisert behandling, men som gjer at dei har kroniske sjukdommar som fører til at dei må ut og inn av sjukehus. Det vil vere gunstig å få behandling i nærleiken der det har dei pårørande rundt seg og der dei kjenner legane og sjukepleiarane.

– Eit speiselag

Toril Naustdal

Prosjektleiar Toril Naustdal jobbar med eit prosjekt for å få sengepostar.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Desse sengepostane håpar Toril Naustdal, som har vore prosjektleiar for arbeidet, vil verta betalte i eit spleiselag.

- Helse Midt-Norge gjennomførte eit pilotprosjekt med ein modell som går på ein tredel-finansiering på dei ulike samarbeidspartnarane som er helse-føretaket, både det regionale og St. Olav, og interkommunalt samarbeid. Der kan vi i større grad gje dei rette midla for at pasientane skal bli behandla på eit rett nivå.

Tre årsverk

Per no er det til saman drygt tre årsverk ved sjølve det lokalmedisinske senteret på Fagernes. Helseføretaket betalar det meste av gildet, medan kommunane som soknar til senteret deler på noko administrative kostnader.

I same bygning ligg ei fødestove som er jordmorstyrt. Fødestove blinkar det eit blått lys for i Lærdal og Nordfjord ha. Når det gjeld akuttilbod, har aldri Valdres distriktsmedisinsk senter hatt det.

– Kartet blir til medan vi går

Statssekretær Roger Ingebrigtsen

Statssekretær Roger Ingebrigtsen

Foto: HOD Magnus Ridola

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Roger Ingebrigtsen, meiner det lokalmedisinske senteret i Valdres er i tråd med samhandlingsreformen når sengepostane kjem på plass. Men han er klar på at sentra som etter kvart vil koma rundt om i landet skal vera ulikt store og ha ulike funksjonar.

– Det kan vere veldig små einingar, der vi samlar fastlegar, fysioterapautar, psykologar og kanskje funksjonar frå spesialisthelsetenesta i eit lite fagmiljø. Så kan også nokre senter bli store og få mange spesialistfunksjonar til seg. Dette vil avhenge av geografi og kor langt det er til næraste sjukehus. Vi klarer ikkje få ei ferdig oppskrift på korleis dette blir, for her blir kartet til litt medan vi går.