– Vi har hatt nesten 100 personar med i år. Det er litt færre enn tidlegare, men arrangementet er litt tidlegare i år, fortel Ingvar Byrkjeland arrangementsgruppa.
Løypa er om lag 90 kilometer og årets tetgruppe kom i mål på 2.09.37, fortel Byrkjeland. Det er ni minutt bak løyperekorden, men det er nok på grunn av vêret, meiner han,
– Rittet er veldig vêravhengig. I dag var det litt kaldt og med motvind på tilbaketuren. Men stemninga er god og arrangementet har vore vellykka.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Ei løype for alle – nesten
Turrittet rundt Jølstravatnet startar i Hafstadparken i Førde og held fram vidare oppover E39 mot Jølster og Vassenden. Deretter køyrer syklistane sørsida av Jølstravatnet og opp til Skei. Her snur dei og syklar tilbake til Førde på E39.
– Det er forholdsvis flate løype. Det tøffaste er nokre kneikar der ein kan gå i rykk. Men det er ei løype der dei fleste med litt god form kjem seg rundt. Det går fort for dei som er raskast, seier han. På flatene har dei ein fart på 40–50 kilometer i timen.
- Les også:
Ikkje heilt Tour de France
Vanlegvis vert rittet arrangert i slutten av mai, så Byrkjeland trur ikkje alle har fått børsta støvet av sykkelen enda. Men det var syklistar både frå Ulsteinvik, Sjåk og Nord-Hordaland til stades. Sjølv kunne han ikkje vere med.
– Det vart for travelt som arrangør, men det kribla godt i beina.
Heiagjeng var på plass både på Skei og i målområdet i Førde.
– Men det er ikkje akkurat Tour de France der folk har med campingvogn og stiller seg opp langs vegane. Men god stemning det er det, seier han.