NRK Meny
Normal

Bli med på tradisjonsrikt juleselskap

Vakre juletonar og god mat står på programmet når NRK Sogn og Fjordane inviterer til juleselskap. Du kan følgje gjestebodet direkte i nett-TV.

Gro Ravnestad og Erlend Blaalid Oldeide inviterer til julegjestebod.

SJÅ DIREKTE: Programleiarane Erlend Blaalid Oldeide og Gro Ravnestad reiser til Kari Støfringsdal i Jølster for å lage juleselskap. Kokk Steinar Lindstrøm er også på plass. Direkte i nett-TV frå kl. 14.

To timar av dagsendinga tysdag blir sendt frå Fjordamattunet i Jølster, der Kari Støfringsdal er vertinne.

Per Hillern kjem for å snakka om det å lage til alternativ jul i Sogn. Sokneprest i Jølster, Silje Sørebø, går travle dagar i møte. Kva er bodskapen hennar denne jula? Musikarane våre i år kjem frå Sogndal. Far Inge Ronny og dottera Gunn Marti Kvåle skal gje oss vakker julemusikk.

Og radiokokken vår, Steinar Lindstrøm serverer julemat, fisk med smørsaus og godt tilbehøyr.

Programleiarar er Gro Ravnestad og Erlend Blaalid Oldeide. Sendinga frå Jølster varer frå klokka 14.03 til 16.00. Etter det tek studio i Førde over fram mot klokka 17.

Sjå sendinga direkte i nett-TV eller høyr direkte på NRK P1:

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.