NRK Meny
Normal

Bli med på Sognefjell

Frå Skjolden ved Sognefjorden og opp til Sognefjell får du fantastiske opplevingar.

Mimes Hovud ved Sognefjellsvegen.
Foto: Kjartan Kvien.

Her får du tips til gode opplevingar.

Berdalsfjellet.

Omlag 10–15 minuttar lett gange frå vegen mellom Turtagrø - Årdal(6 km frå Turtagrø). Her er ein utruleg panoramautsikt. Djupt nede ser ein Skjolden og inste enden av Sognefjorden. Løftar ein blikket ser ein over Lustrafjella og rett mot Jostedalsbreen med Hest og Lodalskåpa som dekker mykje av utsikta mot vest/nordvest. Vidare mot nord stig grensefjella mot Skjåk klart fram, her er det mest Hålåtindane som dukkar opp i synsranda.

Soleibotntindene og Store Austabottind
Foto: Kjartan Kvien.

Vidare mot aust ser ein oppstigninga mot Sognefjell og tindane: Steindalsnosi, Fanaråken, Skarstølstindane(Skagastølstidane) og Dyrehaugstind. Vi er no snart kome horisonten rundt og dei næraste tindane i Vest-Jotunheimen viser seg no temmeleg nær oss i sør, det er Soleibotntind og Austabotntind. Vidare rundt ser vi no fjella mellom Årdal, Valdres og Lærdal, og vidare til Gruvefjellet på halvøya mellom Lusterfjorden og Årdalsfjorden.

Stien frå Fjellvegen til Berdalsfjellet er merka av idrettslaget Fanaråk som har plassert ein turorienteringspost på toppen.

Fantestova på Sognefjellet.
Foto: Kjartan Kvien

Fantestova.

Fantestova er ei lita hytte som Televerket bygde mitt på Sognefjell i 1915. Ho står ved oppsynshytta til Televerket. Telelinja over Sognefjellet var den høgast beliggande rikslinje i landet og hovudforbindelse mellom Bergen og Trondheim. Linja er no nedlagt. Fantestova har stått open for alle farande over Sognefjellet no i snart 100 år. Der er seng, omn, kokekar, ved m.m., så her kan kven som helst berga seg i uver på fjellet. Her er mange interessante helsingar på veggane, på mange språk, frå folk som har vore innom. Fantestova er freda.

Mimes Hovud ved Sognefjellsvegen.
Foto: Kjartan Kvien.

Mimes hovud

Dette er eit utruleg vakkert og naturtru steinhovud like ved riksveg 55 Sognefjellsvegen . Hovudet er lite kjent, og burde vore like kjent som for eksempel Kannesteinen. Til hovudet knyter det seg ei mykje spesiell historie om guden Odin som gløymde igjen hovudet etter eit møte med Jotnane. Odin hadde Mimes hovud med for å rådspørja det i vanskeleg saker som han ofte hadde i møte med Jotnane. Hovudet ligg berre 70 meter frå Sognefjellsvegen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune