Hopp til innhold

Bli med på premierefest for Klart eg kan

Ungane var i sentrum då NRK Sogn og Fjordane i dag feira premieren for den femte sesongen av Klart eg kan.

NRK Sogn og Fjordane feira i dag premieren for den femte sesongen av suksessen Klart eg kan.

VART HEIDRA: Neste tysdag kjem den første episoden frå den nye sesongen av Klart eg kan på lufta. I dag var det premierefest i operahuset på Nordfjordeid. (Stillfoto: Arne Stubhaug/Video: Ole André Rekkedal)

Med den nye sesongen er det blitt produsert heile 63 episodar av den populære serien. Prosjektleiar Terje Gilleshammer trur han veit kva som har vore suksessoppskrifta.

– Det er ekte historier om vanlege ungar som gjer kvardagslege ting. Slik kan ungar over heile landet kan kjenne seg att. Heile oppveksten handlar om mot og meistring, som òg er tema for serien. Eg trur det er det gjenkjennelege som gjer at den har blitt så populær, seier han.

Premierefest for Klart eg kan

KLARE FOR FEST: Denne gjengen skal norske TV-sjåarar bli betre kjent med utover hausten. Framme frå venstre: Matheo Brandsøy, Sverre Olai Savland, Mathilde Skuggen Flaten, Rakel Helene Torvnes Rosnes, Eyvin Bøkenes, Johanna Dalsbø Tøsse. Bak frå venstre: Marta Monsen, Frei Tonning, Nora Nyhammer-Taklo, Teodor Levik Aamot, Selma Andersson, Lina Fagermo Ulla. Ikkje til stades: Guro Heggholmen, Anna Elise Førde, Malou Kvalheim, Bjørn Peter Bergheim-Helgesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Går nye vegar

Han lovar at mykje av innhaldet bli slik vi har blitt vande med, som historier om brevandring på Nigardsbreen og dykking utanfor Stad.

– Men vi har òg nokre litt nye historier, for vi har innsett at mot og meistring kan finnast i mange ulike former, seier han.

Terje Gilleshammer

GLAD PROSJEKTLEIAR: Terje Gilleshammer, vikar for den faste prosjektleiaren Kjellrun Lavik, lovar litt nytt og mykje av det same gamle når femte sesong kjem på lufta til hausten.

Til dømes handlar den eine episoden om ei jente som har gått til kreftbehandling, ein annan følgjer ei jente som får innsett høyreapparat, medan ein tredje handlar om å overvinne sprøyteskrekk.

– Det viser kor mangfaldig dette med mot og meistring er. Vi er veldig glad for at vi har fått lov til å fortelje desse sterke historiene, som eg trur vil appellere til både ungar og vaksne, seier Gilleshammer.

– Korleis er det for familien og ungane når liva deira blir til TV-underhaldning på denne måten?

– Det handlar om at dei stolar på at vi fortel denne historia på ein respektfull måte. Og så handlar det òg om at dei ser at dette kan vere til stor hjelp for andre.

Ungane i sentrum

Premierefesten gjekk føre seg i kinosalen i operahuset på Nordfjordeid og alle dei obligatoriske ingrediensane var på plass.

– Vi hadde kavalkade der vi viste frå dei ulike episodane, ungane kom inn på raud løpar og så var det pølse med brød, saft og pizzabollar, seier Gilleshammer.

Premierefest for Klart eg kan

NOKO FOR EIN KVAR SMAK: Fingermaten på ein Barne-TV premiere er ikkje som alle andre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han seier det aldri var tvil om kven som skulle få hovudrolla på festen.

– Det er ungane og familiane som er dei viktige, som stiller opp og let oss få lov til å kome inn i livet deira. Det er mykje styr å ha eit TV-team på slep i dag tre dagar. Men dei let oss få lov og då skulle det berre mangle at vi ikkje fokuserte på dei på ein sånn fest, seier han.