Hopp til innhold

På friarferd for å finne listetoppar

SELJE (NRK): Korleis overtale og rekruttere nye politiske talent inn i politikken? Bli med på politikarjakt!

Rekruttering av politikarar

BLIR DET JA?: Magny Myklebust prøver å overtyde Geir Årvik om å stå på kommunevallista til Høgre i Selje.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg kom sjølv inn i politikken 1991, og vart jakta på. No har eg tatt over stafettpinnen, seier Magny Myklebust.

Om knappe åtte månader er det kommuneval. Innan den tid må partia stille med ei god liste. Magni Myklebust er leiar i nominasjonsnemda i Selje Høgre og har ansvar for lista. Å rekruttere nye politikarar til partilistene er krevjande.

– Det har vore både utfordrande, givande men også irriterande. At ikkje folk bryr seg meir, ler ho.

Magny Myklebust

JAKTAR PÅ LISTEKANDIDATAR: Magny Myklebust frå Selje Høgre.

Foto: Silje Guddal / NRK

Rekrutterings-veteranen skal på besøk til ein mogleg listekandidat.

– Eg kjenner Geir Årvik frå partiarbeid og engasjement i kommunen, og som næringsdrivande. Eg har veldig lyst å utfordre han til å stå på liste til neste kommuneval.

Frå dør til dør

I små kommunar er avstandane og utvalet kandidatar avgrensa. I Hornindal er Bente Tryggestad frå Senterpartiet ute i same ærend.

Bente Tryggestad

TRENGE FLEIRE TIL TOPPVERVA: Bente Tryggestad frå Senterpartiet i Hornindal.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Å få til ei liste er ikkje så vanskeleg. Men til toppverva er ikkje folk så raske å seie ja, ler Tryggestad.

Ho må finne ein toppkandidat og tre til. For 4 av 7, inkludert ordføraren, har takka nei til attval. Sjølv har ho takka ja til attval.

– Det er for gale å skifte ut for mange i gruppa. Førre gong vi hadde stor utskifting, gjorde vi eit dårleg val. Det bør ikkje gjenta seg.

Eit steg nærare målet

I Selje er Magny Myklebust i ferd å sikre ein ny kandidat for Høgre

– Vi kan ikkje berre kritisere i ettertid, utan å delta i notid, seier Geir Årvik, potensiell listekandidat for Høgre.

– Det er veldig rett tenkt, seier Myklebust. Du veit at dette endar med eit spørsmål om du kan tenke deg å stå på liste for Høgre i Selje?

– Eg har ikkje rekna med det, men eg har tenkt at spørsmålet kan komme. Så eg kjem nok til å seie ja til å stille meg disponibel, seier Årvik.

– Kor høgt opp på lista trur du at du kjem til å ende?

– Eg håpar eg ikkje veldig høgt oppe, men at eg kjem høgt nok til at eg kan vere med å bidra i prosessane i kommunestyret, seier Årvik.

Geir Årvik

STILLER PÅ: Geir Årvik seier ja til å stå på lista til Høgre i Selje.

Foto: Silje Guddal / NRK