Hopp til innhold

Bli med på ekstremslåtten på Hopland

Teigen er like bratt som ein hoppbakke og slåmaskina har stålkantar på hjula. Slåtten blir neppe brattare enn på Hopland.

På Hopland i Stryn kommune må dei mange stader slå med slåmasking og hesje fordi det er så bratt.

Sjå korleis slåttonna føregår. Foto: Asgeir Heimdal Reksnes. Redigering: Steinar Lote.

– Her er det omtrent som unnarennet på ein hoppbakke. Det er godt over 30 grader, seier Leif Tvinnereim.

Han er i gang med det tidkrevjande arbeidet det er å slå dei bratte teigane på Hopland, med slåmaskin. Maskina er utstyrt med ekstra hjul med stålkantar for å klare seg i bratta.

Teigen Leif Tvinnereim no slår er på fem mål, og han ventar å bruke fem dagar på denne. Fleire veker går med til heile slåtten. Med moderne slåtteutstyr bruker ein gjerne éin dag på hundre mål.

Leif Tvinnereim

BRATT: På Hopland er det så bratt at fotografen ikkje klarer å holde kameraet i vater. Leif Tvinnereim klarer likevel å slå opp og ned bakkane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg kan ikkje samanlikne meg med dei, eg må ta det her som ein liten ferie, seier han.

Han skal slå om lag hundre mål med slåmaskina før jobben er gjort.

Traktortrøbbel

Leif Tvinnereim, hesjing Hopland

SAKTESLÅTT: Leif Tvinnereim slår hundre mål med slåmaskin i 30 grader bratte bakkar. Det tar tid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er mange bratte gardar på nordsida av Nordfjorden, mellom Lote og Stryn, og slåtten har alltid vore ekstra slitsam her.

Lenger inne i bygda har ei ekstra utfordring meldt seg. Der er det såpass flatt at dei kan bruke traktor på delar av garden i slåttonna. Men no har traktoren har stoppa. Dermed kan sommaren sjå ut til å bli lang.

– Viss vi skal hesje alt blir det kanskje åtte veker til. Når traktoren ikkje fungerer, får vi bruke hesjestaur, seier Jonny Tvinnereim.

Det er kanskje ikkje så mange born i dag som veit kva hesjing går ut på, men Rasmus og Rebekka på garden hjelper til med hesjinga i sommar.

– Det er ikkje så veldig kjekt. Viss traktoren ikkje fungerer så kjem det til å ta si tid, seier Rasmus.

Rebekka er einig.

– Det tar veldig lang tid.

Runar Tvinnereim

VIL TA OVER: Runar Tvinnereim kan tenke seg å ta over den bratte garden i framtida.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Klare for framtida

– Eg skal greie det så lenge eg klarer å gå, men viss det blir slutt på dyreproduksjonen så vil det nok gro til, seier Leif Tvinnereim.

Men inne ved ein silo i bygda står to ungdomar som har lyst til å halde fram med dyr. Eirik og Runar Tvinnereim seier at ein av dei kjem til å ta over ein bratt gard, når den tid kjem.

– Det er morosamt med dyr og å køyre traktor. Og så er det moro når kyrne kalvar og sauene lambar.