Festivalsjef, Janne Grete Myklebust er stolt av invitere store som små til å delta på ei veke der film står i fokus.
– 2013 er året mange jubileum, men det vi syns er mest stas er at Sogn og Fjordane sin største og eldste filmfestival feirar 10 år! Vi skal bruke dette årets festival til å heidre dei tidlegare filmfestivalane! seier ho.
PR- og grafisk ansvarleg, Alice Beate Holm, seier det har vore mange seine kveldar på klasserommet med hard jobbing.
– No er både plakatar, festivalmagasin og program i boks. Sjølv om det er mykje å gjere, så har vi det veldig kjekt, og vi har godt med samarbeid i gruppa, seier ho.
Under festivalveka kjem dei til å syne filmar frå fleire tema som har vore tidlegare, grave i historia og syne korleis filmfestivalen har vekse i desse ti åra.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kick-off
Festivalveka får ein pangstart med Kick-off på Gloppen Hotell måndag 25. november. Her blir det musikkinnslag, nysteikte vaflar, loddsal og du får moglegheit til å stemme på din favoritt blant filmane som er nominerte til publikumsprisen.
Torsdag 28. november rullar dei ut den raude lauparen og inviterer til prisutdeling og gallakveld i Trivselshagen på Sandane. Her vert det kulturinnslag i form av musikk og dans, tale frå festivalsjefen og kåringar av dei beste filmane innanfor dei ulike kategoriane.
Ein av prisane er Publikumsprisen som NRK Sogn og Fjordane deler ut. Premien er eit flott kamera. Du kan røyste på din favoritt frå torsdag 21. november på nrk.no/sf.
- LES OGSÅ:
Ekstremsport
For å syne at film kan brukast på fleire måtar enn å framstille ein dramaturgi har arrangørane valt å legge fokus på ekstremsport, derfor syner dei filmen Supervention på Gloppen Kino, etter Qpris. Det er ein norsk film om moderne ski- og snowboardkøyring med Aksel Lund Svindal og Terje Håkonsen.
– For to år sidan hadde filmfestivalen Nordisk Film som tema, derfor syns vi at filmen Supervention passar bra. I tillegg får vi besøk av ekstremsportutøvar Espen Fadnes på fagdagen, noko vi ser veldig fram til, seier Myklebust.
Qfilm har vore ein viktig festival i arbeidet med på å bygge opp filmmiljøet i Sogn og Fjordane, og har vore ein arena for læring, utvikling og filmglede. Det er tredjeklassingane på Medium og kommunikasjon på Firda vgs., som kvart år har arrangert festivalen sidan 2003.